Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Nye bilder

Moldura

Har laga ein ny stillfim frå fjella i Askvoll og tidlegare Fjaler. Denne gong ein haust/vinter kolleksjon frå Moldura. Dei fleste bilda er frå i fjor og i år. Ei slags oppsummering.

Haust og vinter er det som kjent lite lys. Somme bilder ber preg av litt støy. Bilda er dessutan tekne med lett Panasonic-kompaktkamera. Hugs HD kvalitet, stor skjerm og lyd.

Velkommen til 17.mai feiring på Hellevik skule

Velkommen til 17.mai feiring på Hellevik skule

Kl 10.30 Tog frå skulen med korps

17.mai-feiring i Flekke!

Det vert tradisjonell 17.mai-feiring i Flekke i år og. Me møtes for oppstilling til folketoget på skuleplassen kl. 11.45. Det flotte toget, med Dale Musikkorps i spissen, alle born og vaksne, og UWC-ungdommar med flagg frå alle verdas hjørne, går til butikken og oppatt til ungdomshuset. Der vert det tale ved kulturleiar Ingeborg Opdøl Tysnes, song med Lillian Samdal og innslag frå UWC. Deretter går me utatt til skulen der det vert leikar og aktivitetar på skuleplassen. Inne i skulen vert det sal av rømmegraut, og anna å ete og drikke. Sjølvsagt får du kjøpt is og brus.

Om kvelden kl.20.00 møtast me att til programfest med dans i Vonheim. Dalsfjorden Spelemannslag spelar.

Nye filmar på Fjaler Kino i Dale. The Dictator og Men in Black 3

Kinosjefen, Kåre Antonisen, har plukka ut to nye filmar:
Her blir det norgespremiere!
«The Dictator» Am. Komedie 11 år
Ny komedie med Sacha Baron Cohen.
Hugsar du Borat? Filmweb HER

Onsdag 16.05 Kl.20.00
Sundag 20.05 Kl.20.00
Tysdag 22.05 Kl.20.00 Les meir…

Ymse. Tunnel, bil, båt, bru, måse, spekepølse og kakao på pinne.

Nokre bilete.
I lett blanding. Tunnel og vegarbeid.
Otterstein og Yksnebjør.
Båtar på fjorden.
Det er sentralisering som gjeld no for tida. Les meir…

Fjaler Kommunestyre 14. mai. Stor semje.

Møtet i Fjaler Kommunestyre gjekk raskt og greitt unna.
Det var lite diskusjon sjølv med viktige saker på lista.

Somme saker er greie og opplagde og går som før:
Salsløyve øl – godkjent mot ei stemme.
Skjenkeløyve – Godkjent mot ei stemme.

Somme saker er innvikla og ein får tru det går bra: Les meir…

Lokal veke 20 - 2012. Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på?

Veke 20 er 14. – 20. mai 2012
Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og framover.
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå meir.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. Gratis.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafè, marked, dans, revy, badeland, utstillingar? Les meir…

17. mai. Tradisjon. Fjaler 2010 og 2011 Fjaler Origo ser attende.

Det kan vere moro å sjå litt frå 17. mai-feiringar tidlegare år.
Her var fleire artiklar på Fjaler Origo for to år sidan.
Også frå i fjor kan vi sjå bilete og lese taler.

Men utvalet er litt magert. Det er 17. mai og feiring i mange bygder. Så det er kjekt om mange vil ta arbeidet med å vise nokre bilete, fortelje litt og kanskje få med nokre taler.

Så frå 17. mai tidlegare:
Først kan vi ta ein tur på Guddalen: Les meir…

Synnøve Bjørset med konsert på Haugland. Kultur i Fjaler.

photo by Eivind Kaasin

Fredag kveld var det konsert i Fjaler.
Felespelar Synnøve Bjørset kom frå Jølster.
Ho spelte halling, springar, brudeslått og lydarslåttar, og ho fortalde om spelemenn og historier om dei som hadde laga slåttane. Frå Fjaler spelte ho “Reisetonar” av Edvard Brendehaug.

Der er også forteljingar knytte til mange, slik som Tommasklokkene på Filefjell. Hardingfela har Les meir…

Meir frå Flekke. Steinar Kyrkjebø fortel frå gamle dagar.

Om tregirs sykkel. Vikarlærar på Guddal skule. På sykkel Nautsund – Hovlandsdal. Brøytebil mot sykkel. Tre eller fire på ein sykkel?

SIC TRANSIT GLORIA MUNDI

Bror Reidar gjev uttrykk for at han ikkje utan vidare vil blogge om kjærleik med di det er så mange andre som skriv om det temaet, syklar er det derimot berre han, eg og Nordahl Grieg som skriv om.

No er det vel slik at det går an å bli glad i sykkelen sin, kanskje kan ein vel og gløyme det niande bodet at ”Du skal ikkje trå etter eigedomen åt nesten din.” liksåvel som det Les meir…

Hundeklubben øver i Borgen i Dale. Lydigheit.

Torsdag kveld var det trening for nokre firbeinte i Dale.
Ute i Borgen kom fem hundar og eigarar saman.
Dei øver mykje ved Hålandsfossen.
Men leiar i klubben, Eivind Antonisen, fortel at konkurransar helst skjer på grasmark. Då er det Les meir…

Dans og dansemusikk. Norske dansar. Ei samling. Dance Collection.

Thursday Dance. Torsdagsdansen i Fjaler. Gammaldans.
The Thursday Dance is a project of cooperation for Red Cross Nordic United World College and the Ungdomslag in Dale, Flekke and Straumsnes. Some students have learnt dances that they want to remenber and they want the music.

On the net we can find videos and music.
On YouTube we have a good collection. If I can add more links here this can be a source for learning and inspiration. Les meir…

Sommarkurs i musikk, og dans for barn, unge og vaksne. Mokurset. (Førde.)

MOKURSET 8. – 13. juli 2012.
Minner og vener for livet!
Spelar du hardingfele, trekkspel, toradar, fele, syng du, dansar du folkeleg dans?
Vil du lære meir? Påmelding 20. mai.

Mokurset er eit sommarkurs i folkemusikk og –dans for både barn, unge og vaksne. Mokurset tilbyr fleire ulike Les meir…

Søknadsfrist i Kulturskulen

15. mai er fristen, enten ein vil søkje nytt tilbod, endre tilbodet eller slutte. Organisasjonar og institusjonar som ynskjer å kjøpe tenester vert også bedne om å ta kontakt. All nødvendig info finn du her.

Bilder frå Heileberget/Fløyen

Foto frå Heileberget

Tursesongen er for mange i i full gang. Som vi veit er det no merka god sti frå Fossevikja til Heileberget Det er bra varda frå Rivedal og inn på Fløyen òg. Frå Nipebu er det ikkje merka. Men her går du berre sørover, passerer Dalsstoredalen og opp rett aust for Driveknolten.

Konsertar. Onsdag og fredag. Kva skjer i Fjaler:

Onsdag:
Geirr Lystrup i løa i Jakob Sande-tunet.
kl 19. 00 Bill kr 100,-
Sal av lappar, fingermat og drikke
.
Fredag:
Synnøve S Bjørset i Naustet, Haugland.
Dans etter konserten. Musikk: Dalsfjorden Spelemannslag.
Kl 20.00 Bill kr 150,- eller 50,- for student.
Sal av kaffi og kaker. Les meir…

8. mai 1945. Frigjeringsdagen. Andre verdskrig var over.

Ei forteljing frå Digitalt Fortalt. Det er frå våren 1945. Arild Gulbrandsen var 6 år og kan aldri gløyme.
Det hadde vore veldig bra om folk her kunne fortelje om minner frå denne dagen. Dei som hugsar, vert berre færre og færre. Så kjenner du nokon som kan fortelje? Skriv det ned. Fjaler kommune, kulturetaten, prøver å samle minne frå krigen. Gudmund Solheim er ein kontaktperson.

Digitalt Fortalt er ei samling forteljingar på nett.

Våren 1945 skjedde det en hendelse om jeg aldri kan glemme.
Jeg var fylt 6 år Les meir…

Litt om vêr 17. mai i Flekke. Litt om det franske valet. Reidar Kyrkjebø fortel.

17. mai 2011 i Vonheim, Flekke.

I dag er 8. mai, frigjeringsdagen frå 1945.
Borte ved Otterstein byggjer dei no viadukten, bru over land, fram til tårna.
I dag skin sola og vi har 9 grader på føremiddagen. Men her kvita over berre for eit par dagar sidan då Reidar Kyrkjebø skreiv bloggen nedanfor. Mai skal garantere våren, men kan vere ustadig. Reidar Kyrkjebø fortel frå gamle dagar:

.
SORGSAME MAI
Eg tek litt hardt i når eg formulerer overskrifta. Eg skal snart forklare grunnen. Les meir…

Ymse. Konsertar. Russ i Dale. Kroa. Trudvang. Asfalt. M/F Osterøy. Leirskulen på Haugland.

Det har kome liv i Kroa igjen med bestilete arrangement. Dei driv og gjer klar til opning. På fredag var det Trekkspelkameratane som heldt takten. Og der var dans på parketten heile kvelden. Pizza og meir. Sundag var det konfirmasjon i Dale.

Russen i Dale viser seg i sentrum.
Ferja til NCC går med ujamne mellomrom til Steiehalsen.
Sauesymene heng med hovudet. Dei fekk både snø, regn og kulde over Les meir…

Lokal veke 19 - 2012. Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på?

Dugnad for ungdomslaget.

Veke 19 er 7. – 13. mai 2012
Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og framover.
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå meir.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. Gratis.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafè, marked, dans, revy, badeland, utstillingar? Les meir…

Kjeglespel frå dei finske skogane. Torkil med Rekord. Boklandsbyen. Dale på laurdag.

Mölkky
Det er tid for aktivitet, kultur og handel på utescena.
Laurdag var det prøvespel med Mölkky i Dalstunet.
Mölkky er eit kjeglespel frå dei djupe finske skogar.
Her hadde ivrige spelarar møtt fram for å slå ned kjegler.
Mange fekk prøve seg og vinnarar vart kåra. Det gjeld om å komme først til akkurat 50 poeng.

Vidar Samuelsen førte protokollen. Han har fleire spel Les meir…

Laura er på stølen. Engelskmannen på Tysse fortel. Tidsbilete frå om lag 1900. Del 4 (Siste).

Regnboge ved inngangen til Vagstaddalen i Rivedal.

På stølen i Rivedal går det mot haust. Laura får besøk av Harald frå heimegrenda. Dei har gått saman på skulen og dei har gått saman for presten. Begge er 16 år.

Berre to månader seinare var nettene mørke i tre fire timar, og dagane var så regnfulle at Laura var våt til skinnet før ho var ferdig med å mjølke. Ho brydde seg ikkje, berrføtta og kledd i heimelaga vadmål, gjorde ikkje regnet henne noko. Men ho mislikte av hjartet myrflatene, som ho lett kunne gå over tidlegare i sommar, men som no var farleg hengemyr.

Seint ein fredag ettermiddag kjende Laura seg einsam og lei. Regnet hadde strøymt ned heile Les meir…

Er det verdt å ta vare på? Tett tak eller forfall? Kan gamle bygg i kulturlandskapet komme til nytte?

Bjergestølen på Rimma. Dalsfjorden.

Fjaler kommune har fått tildelt kr. 245.000,- i tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket, såkalla SMIL-midlar, i 2012.
Kva er SMIL-midlar?
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL-midlar)

Kommunen får kvart år ca. kr. 300.000 i SMIL-midlar. Desse kan nyttast til tiltak som minskar ureining og fremjar miljøverdiar i kulturlandskapet utover det ein kan rekne med Les meir…

Fjaler

Følgt av 317 medlemmar.

Fjaler kommune strekk seg ut på sørsida av den vakre Dalsfjorden, frå tettstaden og fjordbygda Dale midt inne i fjorden, og ut til Korssund og Fure ved kysten. I øst slyngjer Flekke- og Guddalsvassdraget seg frå den vakre Flekkefjorden til øverst på Guddal.

I Fjaler kan du oppleve fjord, kyst og fjellnatur innan korte avstandar, spennande kulturattraksjonar og moderne kunst, design og handverk. Fjaler kommune har ei lang historie innan både industri og skule.

I dag har nye verksemder innan bl.a. IT og design i stor grad erstatta den gamle industrien med sko- og skiproduksjon. I den gamle tønnefabrikken i Dale finn du IPM-Teknikk

Den gamle skulehistoria er vidareført med den internasjonale skulen RCNUWC (Red Cross Nordic United World College) med 200 elevar frå 80 land, eitt av verdens ti UWC. Haugland Rehabilitering er og ein stor arbeidsplass. Nkd – Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen , som jobber med visuell kunst ligg i kommunesenteret Dale.

Den folkekjære diktaren Jakob Sande kom frå Fjaler. I dag kan du vitje fødestaden hans, Jakob Sande-tunet i Dale. Det bur omlag 2845 innbyggjarar i Fjaler.

AKTUELT i kommunen for tida er m.a. Dalsfjordbrua og Lutelandet Utvikling Meir om sona

Origo Fjaler er ei sone på Origo. Les meir

DALSFJORDBRUA WEB-TV


Video streaming by Ustream

SUM Sunnfjord Miljøverk Iks
Renovasjonsruter 2011
Lenkja fører til kalendar i PDF-format

Vi saknar webkamera frå ulike stadar i Fjaler

Annonse