Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Nett no. I Fjaler.

I dag på Bakeriet.

27.11.2010 i Dale sentrum. Best Corner. På uterestauranten er det stusseleg når det er stengt og du ikkje kan komme inn i varmen. Jentene har det litt kaldt. Når opnar Bakeriet, skal tru? Meir i dag Vevang med julemarked

Kan du gå på line?

Det er helst på sirkus at vi ser linedansarar. Men her er det Anja Amundsen som trenar i Dale sentrum, (1.11.2010). Anja kjem frå Atløy, men går på skule i Dale, Dale VGS. Ho fortel at det er litt vanskeleg, men det går godt an å få til med litt trening. Ho har skaffa seg ein ny hobby, seier ho. Dette er ei utfordring. Du får snakke med Salbuen, så skaffar han line. Du startar på låg høgde. Dette … Les heile

Laurdagskafé. 9. klasse.

På Kroa i Dale kvar laurdag før jul. 10.00 – 15.00 Sjå HER

Dale. Bjerga. 3. desember.

Ja, det er moro på isen. Det er Øyvind Helle som har sprøyta leikeplassen på Bjerga. Så no kan vi gå på skøyter. Trygg is.

Kafé i Flekke i kveld.

Her er nokre blide servitørar på kaféen, Cafe and Christmas carol singalong, på Høegh-senteret i kveld, sundag 5.12. Desse jobbar for SAFUGE, hjelp til skule eller barneheim i fattigare land. Meir kjem. Sjå annonseringa HER Rapport frå Singalong

Kulturscene Fjaler. 4. des. Arthur Boge.

Arthur Boge kjem med juletre. Han kjem med meir på laurdag. Sjå kalender her for 11. des. Kalender Origo Fjaler Mangel på juletre og høgare prisar i år skriv Nettavisa

Morgon 12.12. Vestover Dalsfjorden.

Vi ser utover Bjergeneset. Holmen og Øya i midten. Over fjorden frå høgre Heileberget, Bakkefjellet, Dokka, Fristadfjellet. Og vi ser litt av toppen av Atløy heilt til venstre.

11.12. Laurdagskafé i Dale. 9. klasse.

Fint for 9. klasse FUS som kan tene pengar til skuletur. Og fint for oss som kan få kaker, kaffi og gløgg. Gard er på jobb i bokhandelen og kan få litt lunsj på kaféen. Dei vil ha laurdagskafé også kommande laurdag kl 10.00 til 15.00. HER

Laurdagskafé 18. desember.

Siste sundagskaféen før jul. Elevane i 9. klasse vil tene pengar til klassetur. Dei synest at dei har hatt godt sal. Enno har dei boksar med kjeks til sals. Dei håpar at somme treng hjelp med julebaksten.

Fjalerprisen 2010.

Birgitta Ralston og Alexandre Bau på Transplant fekk Fjaler kommune sin pris for kultur og næring i dag. Prisvinnarane var på reise så det var tre av dei tilsette som tok imot prisen. Jan Brauer, Dana Brauer og Åshild Stav. Her flankert av Anne Erstad til venstre og Arve Helle til høgre. Prisen er eit kunstverk, her foto av David Zadig, Omtale og grunngjeving, og 15000 kr. Link til Transplan… Les heile

20.12.2010. Konsert i kyrkja. Dingemoen skule.

Alle elevane på Dingemoen skule. Eit samarbeid mellom skulen og Kulturskulen. Mark Taylor på piano. Sjå meir HER

21.12.2010 Dale.

Ei ørn i svingar over Bjergelandet i går. Ho er ute på rov og speidar etter mat. Små dyr bør søke dekning. Somme er redde for kjæledyra sine. Ørnekloa er kvass. Denne ser ut til å vere ei havørn. Ho har kvit stjert eller vele. Ho-ørna kan ha eit vengespenn på 2,40 m. Hannen er litt mindre. Havørna lever av fisk og sjøfugl men tek også åtsel.

22.12. Bjerga Dale.

Då var peparkakehuset montert. Snart er det jul.

21.12. 2010. Storelva i Dale. Stokkand.

Kaldt å vere stokkand her ved brua. Lite grønt siv å ete på. Ikkje gras å sjå. Snø og is. Og det er mange av oss her, nesten 50? Kan håpe at nokon kjem forbi med nokre brødsmular? Det er snart jul.

23.12. Vesle julafta i Dale.

Juletreet er kome inn og ferdig pynta. Klar for julafta.

24.12.2010. Dale.

Julafta i Dale. Dalstunet. Fleire foto frå Dale HER

Dale 15.01.2011 Nyttårsball.

Ball betyr dans. I år inviterete elevane på DVG alle frå UWC, den andre vidaregåande skulen i Fjaler, til felles nyttårsball. Så laurdag kveld var det fest i Fjalerhallen.

15.01.2011 MGP Songtalent.

MGP Fjaler Lokal. Ni unge songtalent stilte opp i konkurransen. Sjå meir og stem på dei HER

Sundag 16.01. Nordic konsert.

Førdefestivalen i Fjaler med konsert. NORDIC på UWC Haugland. Mange var på konserten. Ståande applaus og ekstranummer. Så var det dans og kafé i Høeghsenteret. Meir om Nordic

16.01. Dans i Fjaler.

Og dansen går i Fjaler. Her på sundag Høeghsenteret i Flekke. I kveld er det dans i Ungdomshuset i Flekke kl 20.00 Alle kan vere med.