Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Dale Ungdomslag

Dale UL 1996

Kanskje nokon har full namneliste her? Kanskje nokon kan fortelje litt meir om denne oppsettinga? Skodespel. Fredag den 13. Av Gunnar Stålesen.

Dale UL 90 år. 1988

Dale UL har historie heilt tilbake til 1898. Historiske foto. Kjekt å ha i album “Dale UL”, men vi treng dei i betre kvalitet. Her trengst også namnelister og litt tekst om kva som skjedde.

Dale Ungdomslag

Kven er dette? Kva gjer dei her?

Dale UL 1995

“Doktor mot sin vilje”.

La Bohème

Dette er noko nytt. 4.02.2012 Direktesending frå scene til kino. Her tek folk til å komme til ungdomshuset i Dale for å sjå opera. Dette vart vellykka. Her var småbord i salen. Bak ser du SAFUGE Cafè. " Det er er heilt utruleg at vi kan sitte her i Trudvang og sjå opera direkte frå scena i Oslo", sa Torkil Sandsund, teater-regissør. Kåre Antonisen, Fjaler Kino, har stått for å få dette til… Les heile

Torsdagsdans

9. februar. Dans kvar torsdag. 20.00 HER Denne gongen på UWC. Alle kan bli med.

Trudvang Dale UL

Matsalen nede eller kjellarstova. Veggene er litt for nakne. Er det nokon som har litt store maleri som står stua vekk? Reproduksjonar av kjende verk var populære tidlegare. Dei kan kanskje gjere nytte for seg i ungdomshuset? Brudeferden i Hardanger på trekvite vegger?

Dans på Straumsnes i 2008

Torsdagsdansen har halde på i 30 år, og dei dansar stadig vidare. Dette biletet er frå Straumsnes 4. des 2008. Foto: Laura Vuoma. Ho er finsk fotograf og var på stipendopphald på NKD i Dale den gongen. Ho var med på Torsdagsdansen. Ho tok mange bilete av dansarane. Er du med på Torsdagsdansen? . Om Torsdagsdansen HER . 30. august var det i Dale: HER . To 13. september 2012 Dans på Strau… Les heile

Ungdomsteater i Dale UL

(Klikk på biletet. Det blir større. ) I dag fekk vi brev frå Fjaler kommune. Kulturmidlar: 5000,- til oppstart av Ungdomsteater. Teatergruppa i Dale Ungdomslag er godt i gong. . Ungdomsteater i Dale UL? Ungdomsteater i Dale. Ny teatergruppe i Dale UL. 11 – 16 år. Vil du vere med? Mari Kyrkjebø fortel: Ungdomsteater Dale Ungdomslag startar opp ei ny teatergruppe i haust, for ungdom i alderen … Les heile

Ungdomsteater i Dale.

Her er det Eva Mayer og Roger Ellingsen som er i sving i Trudvang. Dei lagar kostyme og kulisser til teaterstykket som Dale UL skal framføre 16. og 17. mars. Kva kan dette som glitrar her bli? Og kven skal ha på seg denne kreasjonen? Torkil Sandsund er regissør for stykket. 12 ungdommar er skodespelarar. Og snart skal dei stå på scena. 16. og 17. mars i Trudvang. Sjå meir HER

Teater med ungdom.

Ungdomsteateret i Dale UL. Her er sju av tolv skodespelarar knipsa i Trudvang i går ettermiddag. Dei var opptekne med å øve på tekstane. Det er nok mykje arbeid, men dei ville likevel satse på å bli skodespelarar. Teater, TV eller film, helst film, sa dei. Dei er i alderen 12 til 16 år. Det gjeld å starte tidleg. Dei lærer og dei torer å stå på ei scene. Dei får med seg viktig erfaring og komp… Les heile

Teater 2013. Dale UL

Dale UL med Ungdomsteater. Her er det Roger Ellingsen som konstruerer noko til scena. Momo og kampen om tida. Framsyningar i mars: onsdag 20. mars kl 18.30 og fredag 22.mars kl 18.00 Laurdag 23. mars kl 15.00? Generalprøve 15. mars. 12 ungdommar med Torkil Sandsund som regissør. Mari Kyrkjebø er leiar frå Dale UL. Eva Mayer og Roger Ellingsen har arbeid med scenografi og kostymer. Jan Hauge… Les heile

Teater i Dale UL

Mystikk. Merkelege hendingar. Lys og musikk. Ungdomsteater i Trudvang. Dale UL. Regi: Torkil Sandsund. Sjå meir HER

Biljard

Kulturkafè. Dale UL Timen før programmet hadde David Hustveit opplæring på billjard. Det kan hende at Dale UL treng fleire instruktørar til biljardgruppe. Meir HER

Sundagskafè i Dale

I Trudvang har Dale UL Sundagskafè kl 16.00 – 17.30 Enkel meny og enkel pris. Som du ser er her også bokhyller med bøker til rimeleg pris. Brukte eller nye. Vi treng forresten fleire bokhyller, så har du nokre til overs så tek vi imot. Vi tek også imot bøker, plater, blad, teikneseriar, CD, film. Berre levèr i Trudvang. Til inntekt for Dale Ungdomslag. Sjå meir: Sundagskafè. Swingen Bokkaf… Les heile

Finsk reinlender. Dans på UWC i oktober 2012. Dansevideo opptak i april.

Dans og film Designaren og kunstnaren Luis Alves kjem til UWC Haugland den 18. april. Luis Alves kjem frå Portugal. På torsdag vil han filme inntrykk frå danseøvingane. Norske dansar og dansar frå andre land. Dans og miljø. Torsdagsdansen. Du kan berre komme til UWC Red Cross Nordic. Utkvild og opplagd, kom med nypussa dansesko eller berrføtta, og godt humør. Det blir levande musikk s… Les heile

Dale Ungdomslag

Her er ein flokk ungdommar samla på scena i Trudvang. Når og og i kva høve? Kven er dei? Klikk på biletet og det blir større.

Dale Ungdomslag.

På Torsdagsdansen i går 26. sept. Vi fekk besøk av Elin Grytting. Ho dansa og i pausen var ho med på kulturinnslag. Vi fekk folkesongar. Kjekt at ho brukte songar etter Jonas Åsnes, frå Straumsnes. Jonas Åsnes var onkel til Olav Åsnes som var på Torsdagsdansen. Jonas Åsnes er kjelde for ei stor samling fokemusikk på Fylkesarkivet. Elin Grytting er busett på Sandane. Ho er folkemusikar og… Les heile

På Kulturkafe

Asbjørn Eikerol, Wenche Kvalstad Eckhoff, Torodd Fagerheim og Hanus G. Johansen. Det var 26. august. Der er Kulturkafe siste måndag kvar månad. I morgon blir det ny Kulturkafe. Då er Karina Siegmund gjest. Sjå meir HER

Kulturkafe Dale Ungdomslag.

Vi fekk besøk av Torkil Sandsund som fortalde om programmet på Teaterfestival Fjaler. Det skjer no torsdag til måndag. Sju skodespel. Sjå HER