Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Torsdagsdansen.

Maria del Mar. Gitar.

Kultur på Torsdagsdansen. Maria kjem frå Columbia. Her spelar ho gitar i kulturpausen på Torsdagsdansen. Nokre dagar før spelte ho for Dronninga. Musikkstykket heiter Xiomara, det er eit jentenamn i Colombia. Torsdagsdansen var på UWC 1. oktober. I kveld på Straumsnes. Meir HER

Jarl Audun Rivedal.

Torsdagsdans i Flekke. I går 15.10.2015 Denne gongen var det stort danseorkester. Flekke Ungdomslag arrangerer denne veka. Vonheim torsdag 15. oktober. Føreomtale HER Torsdag 22. oktober vert dansen i Dale, Trudvang.

Flammeslukar på Torsdagsdansen i Dale i går.

Du skal vere bra svolten. Kulturinnslag i pausen på Torsdagsdansen. Dette var i går i Dale. 22.okt. Sindre med flammeshow. Du skal ikkje prøve deg på dette utan kyndig opplæring. Prøv biblioteket i Dale. Heile: HER Neste Torsdagsdans på UWC, Haugland, i Flekke. HER Der er det alltid spennande kulturinnslag. Dei kan vere frå heile verda.

Dans på UWC

UWC i september. No 29. oktober er det dans på UWC igjen. Meir HER

Daphnie med rock/ jazz.

Kulturinnslag på Torsdagsdansen. Cultural show at the Gammaldans, Dance,Torsdagsdansen. Daphnie er elev på UWC. Ho kjem frå Tel Aviv, Israel. På UWC 29.oktober. Neste dans blir på Straumsnes 5. november. Då kjem Dalsfjorden Spelemannslag.

Bilete. Torsdagsdansen i Flekke. Kultur.

Maleri på lerret. Vesker. Michel Ajando er frå Tanzania. No er ho på besøk på NKD Dalsåsen. Ho er med påTorsdagsdansen. Slik fekk vi sjå maleri som ho har laga, og vi kunne kjøpe. 20 Dollar eller 200 kr. Det var i går. Neste torsdag er dansen på UWC Haugland. Mechel kjem då også.

Spelemannsfest på Nesalandet

Dalsfjorden spelemannslag inviterte til fest, konsert og dans laurdag kveld. Dei hadde også gjester, Naustedalen spelemannslag og toradargruppa. Her er arrangørane sjølve på scena.

Kunstutstilling. Kulturinnslag på Torsdagsdansen.

Utstilling i Dale, ungdomshuset Trudvang. 18. februar Meir info HER . . Meir om Torsdagsdansen: HER

Dalsfjorden spelemannslag i Flekke.

I går var det spelemannslaget som fekk fart på dansen. Stort orkester. Flekke UL var arrangør i Vonheim. Vi fekk både mat og drikke. Kvar torsdag ein fest i Fjaler. Sjå meir HER

Ung Folkedans på UKM

På scena i Dale laurdag 27. februar. 10 unge dansarar frå Torsdagsdansen. Andreas Ramstad med musikk: Marsj, polka, reinlender. Flott innsats! Sjå meir HER

Torsdagsdansen var på Nesalandet.

Straumsnes UL inviterte. Desse er elevar på UWC. Dei inviterte til TEDx på UWC den 12.mars. Fredrik, til venstre, selde billettar. TEDx UWC 12. mars. TEDx kjem til Sunnfjord, Fjaler. Dette er heilt spesielt. HER . UWC RED CROSS NORDIC ONE STEP FORWARD HER

Happy Feet i dag.

Alle dansarane samla på scena til slutt. Danseshow i Bygstad. Andreea Terescenco har organisert. To danseinstruktørar frå Spania har hatt øvingar i januar og februar. Noelia Delgado Del Pino og Alejandro Gonzales Dansegrupper frå 5 -16 år var på scena. Dei var flinke og stolte. Kjekt at Andreea Terescenco greier å få til dette.

Gammaldansen på UWC i går.

Levande musikk. Andreas og Svein. Over femti på torsdagsdansen. Litt trangt på dansegolvet, men kjekt og god stemning. Moro. Fin trim. Neste torsdag på Nesalandet: HER

Saraestil og Paula.

Torsdagsdansen på UWC i går. Kultur i pausen: Prayer in C. Saraestil og Paula er begge elevar på UWC. Og dei kjem begge frå Tyskland. Neste dans er på Nesalandet: HER Und was sind la-luna-Familienkonzerte? Der Trailer. HER (Familen til Saraestil.)

Torsdagsdansen.

Ungdommane treng litt mat og vitaminar når dei er på dans. Her er det matpause på Straumsneset 17. mars. Mean frå Cambodia, Paula frå Tyskland og Angela frå Kina.

Unge dansarar.

Her med dans frå musikalen Annie. Dei dansa også for Ung Folkedans, Young Folk Dancers, marsj og lettispolka. Dette var ein sprek flokk. Sjå også FIRDA: Dansens Dag. – Det var litt skummelt å danse framfor folk, seier Katja. – Men veldig gøy, fullfører Marte. Internasjonal dansedag Men det var ikkje slik at desse femteklassingane braut ut i dans i gatene heilt spontant, slik som ein gjer… Les heile

Torsdagsdansen

Siste dans denne sesongen var i Flekke 28. april. Men vi startar opp att til hausten. Du er klar 1. september? Her er Andreas Ramstad og Knut David Hustveit framme og får ei gåve som takk for god innsats denne sesongen, igjen. Dei fekk kvar si veske, nett, av lerret. Litt innhald var lagt inn i veskene. Det er desse to som har ansvar for dans og musikk på torsdagane. Veskene er laga a… Les heile

Erling Haugsbø. Kultur på Torsdagsdansen.

På Torsdagsdansen er det slik at vi har plass for eit lite kulturinnslag i pausen. Scena er di. 5 min. Her var vi i Dale og Erling Haugsbø stilte opp. Han las dikt av Jakob Sande. Sjå HER