Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for mai, 2016

Planteloppemarknad

Laurdag 4. juni frå kl 11. og utover vert det Planteloppemarknad i Parken i Dale.
Medlemane i hagelaget og andre som har planter dei kan avsjå kjem og sel rimelege planter.

Bakkejekta er sjøsett. Bakkefjæra i Holmedal. Til Jensbua på Tysselandet.

I går samla mykje folk seg i Holmedal.
Der har Bakkejekta stått i naust i vinter.
Klokka to kunne vi møte og hjelpe til.
Det gjeld å vere mange når store skip skal sjøsettast.
Så er kom etter kvar om lag 40 menneske.

Først måtte lunnar leggast ut.
Så samla folket seg på jobben med å bere båten ned i sjøkanten.
Der kunne Bakkejekta få vente på at floda kunne hjelpe til. Les meir…

Jakob Sande - på heimlege tufter. TV-program frå Dale 1990.

2009.07. Klokkargarden. 003

Vi går tilbake til 1990.
Det er bygdekveld i Trudvang, ungdomshuset i Dale.
Fritjof Urdal er programleiar.
Visegruppa Jubelhornet framfører åtte kjende dikt av Jakob Sande.
Desse er delvis dramatiserte.

Eit kjekt tilbakeblikk. Hugsar du?
I Trudvang ser vi mange kjende, men det er 26 år sidan…

Programmet ser du HER
Les meir…

Lokal veke 22 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Kulturscene Fjaler 28. mai 2016.

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 22 er 30. mai – 5. juni 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

Dale Musikkorps med avslutningskonsert i Dalstunet. Kulturscene Fjaler kl 12.00 laurdag 4. juni 2016

Det blir snart ny utekonsert på Kulturscene Fjaler.
Dale musikkorps avsluttar vårsesongen 4. juni.
Dei vil også ha kakelotteri, så det er fint om du tek med litt pengar.
Konserten er gratis.

Sommar og berre sol seier vermeldinga for laurdag.
Det passar fint.
Så kan vi sjå Fjaler Origo Arkiv. Konserten i 2014:
Les meir…

Hyllestad og Fjaler kulturskule - året 2016 - 17

Alt som tilboda våre, prisar og korleis du kontaktar oss, samt det å søkje, slutte, og/ eller byte fag finn du her

Til Hellevik i Fjaler. Sommartur i Florø Husflidslag. Leonards Forlaavelse.

Leonards Forlaavelse. Sjøtun

På Hellevik i Fjaler finn du Leonards Forlaavelse.
Dette er eit nytt tilbod med mat, litt butikk, møteplass.
Låven vert nytta til utleige, mat – eller kreative kurs, smakinger og sosiale lag.

Du kan besøke Leonards Forlåvelse mange laurdagar.
Sjå Sjå info på Fjaler Origo Kulturscene Fjaler, og Fjaler Origo Arrangement.

Artikkel: Hellevik på laurdag. Sommarfest ved Nærbutikken. Og kva er Leonards Forlaavelse på Hellevik? HER

Det er kjekt at Florø Husflidslag arrangerer tur til Fjaler og Hellevik. Les meir…

Asfaltering Fjaler kommune 2016.

Plan asfaltering 2016

Saksutgreiing: Det er løyvt 1 000 000 kroner til asfaltering av vegar i investeringsbudsjettet for 2016.
Lista med vegar som kan/bør asfalterast er sett opp ut frå tidlegare prioriteringslister, innspel til kommunen og behov registrert på teknisk kontor.
Vegmidlane bør prioriterast slik at dei kjem flest mogeleg best mogeleg til nytte. Les meir…

Fjaler. Møte i Kommunestyret den 01.06.2016

Møte i Kommunestyret.
Dato: 1.06.2016 14:00 – 17:00
Møtestad: Fjalerhuset

Saksliste

Godkjenning av innkalling og sakliste Hoveddokument 273KB

050/16 – 16/4543 – Godkjenning av innkalling og sakliste

051/16 – 16/4271 – Godkjenning av protokoll

052/16 – 16/4544 – Referatsaker

009/16 – 16/3824 – Underskriven avtale mellom Gaular og Fjaler om forskottering av planleggingskostnader Les meir…

Svint IL Friidrett - trening på Dingemoen, Dale, kvar tysdag.

Svint IL har friidrettstrening på Dingemoen stadion kvar tysdag kl 1830-1945.
Mange unge nye Svintarar frå Dale (30 stk) har vore med på treningane, og i år har styre tenkt at vi går for å gjennomføre eit Svintmeisterskap på Dingemoen.

Etter planen blir det arrangert tysdag 31. mai kl 1800-2000
med øvingane 60 m. kule, liten ball, lengde og 400/600 m. Les meir…

Utsikt frå Dokka til Holmedal, Rivedal, Nesalandet, Tysselandet og bygdene kring Dalsfjorden.

Mountains in Askvoll in Holmedal, Sogn Og Fjordane, Norway.
1 hr ·
Ei lita og lett tilgjengeleg perle i Holmedal er Bakkevatnet.
Hit kan du gå anten frå Bakke, Boge eller Rivedal.
Du kan både bade og fiske med flott utsikt til Dokka og Bakkefjellet.
Stilla er fantastisk. Berre avbroten av sauebjøller i det fjerne og dei melankolske strofene til svarttrasta, raudstrupen eller løvsangaren. Les meir…

Fjaler kommune. Ein halv million i støtte til kvart hus?

Fjaler kommune vil klargjere 4 tomter i Hatledalen i Dale.
Tomtene vert noko dyre, 1 mill for kvar.
Så no vil admistrajonen gje støtte til til kjøparane.

Frå saksutgreiinga:
Skal ein prissette tomtene etter sjølvkost vil kostnaden for ei tomt verte ca. kr 1 005 000,- eks. omkostningar. Sjølv om ein kan bygge med fleire bueiningar på kvar tomt kan dette verke noko høgt i forhold til kva markedet er villig å betale for. Ein meir realistisk pris i høve beliggenheit og tidlegare prisa tomter, ville vere ca. kr. 525 000,- for kvar tomt eks. omkostningar.
Administrasjonen rår til at ein gjennomfører tiltaket i sin heilskap og at tomtepris vert fastsett til kr. 525 000,-

Les meir…

NKD. Nordic Artists' Centre Dalsåsen. Open dag.

Daniela

Nye kunstnarar og arkitektar ynskte velkomne til open dag tysdag 24 mai!
Velkomne frå kl 16 – 19

Om lag kvar tredje eller kvar andre månad inviterer kunstnarsenteret i Dale folk til å komme på Open Dag.
Her er ofte kunstnarar frå mange land på stipendopphald.

Kunstnarar no:
Humberto Junca (COL), Helene Sommer (NO), Daniela Bergschneider (DE), Anja Ulset (NO) Anna Aniksdal (NO) and Sindre Wam (NO).

NKD har kunstnarane gode arbeidstilhøve, fortel dei. Les meir…

Utstilling på Allmuen i Dale. Biletkunst.

Inne på Allmuen kan du no sjå ei utstilling av bilete.
Det er Thea Marie Rivedal og Charlotte Jacobs som er artistane.

Dei to har vore med på Salong1
Det er eit kulturtilbod med maling og teikning, biletkunst.
Even Bøthun er rettleiar og inspirator for dei som er med på Salong1. Les meir…

Meeting Place for Diversity

The present and coming generations will have to tackle serious issues when it comes to climate changes and people being forced to leave their homes.
One generation of our students has just graduated, and many leave with an urgency about tackling these issues.
Awareness of environmental and humanitarian concerns is Les meir…

Dugnad på Fredensborg

Fredensborg er ein vakker stad – med tjern, bøkeallè og fine turstiar. Ein slik plass treng skjøtsel og vi inviterer med dette til dugnad for å rydde og pynte litt på området. Ta med deg hagesaks, rive og arbeidslyst! Området er eigd av Fjaler kommune – og turstiane vert halde opne ved hjelp av Straumsnes grendelag. Vi håpar at folk frå alle delar av kommunen har lyst å vera med! Arrangør: Fjaler kommune og styre for Lilliingstonheimen

Hytta "ELRAKI" i Nedre Fossedal.

Elraki i Nedre Fossedal.

Mountains in Askvoll
I dag er vi ved hytta “ELRAKI” i Nedre Fossedal.
Hytta ligg rett nedom den gamle fjellgarden Nedre Fossedal.

Namnet “ELRAKI” er førbokstavane til Elsbeth Thyra Beugger, Kissy Egenæs og Ragnhild Falch.

Den vart bygd i 1925.
Hytta hadde sterk tilknytning til Falchs pensjonat- og realskule. Les meir…

Bakkejekta - sjøsetjing og årsmøte

Bakkejekta – sjøsetjing og årsmøte

Sundag 29. mai kl. 14.00, Bakkefjæra

Sundag samlast vi i Bakkefjæra i Holmedal kl 14 for å sjøsetje Bakkejekta for sommaren.
Her held vi også årsmøte i Kystlaget Bakkejekta, og det blir suppe og kaffi til alle som vil vere med.

Alle er hjarteleg velkomne – vi treng mange hender for å bere jekta ut! Les meir…

Integrering og møteplassar.

Forfattar: Ingebjørg Erikstad

Eit sentralt tema i integreringsdebatten i dag er møtet mellom menneske og mellom kulturar.
Kva skjer med den enkelte sin identitet og med samfunnet sin identitet i dette møtet?

Bakteppet for dette tema er både den arbeidsinnvandringa vi kjenner og som har vart ei stund, og dei store folkevandringane vi ser i Europa i dag. Sogn og Fjordane er ein del av det som skjer i verda.

Kunst og kultur si rolle i den inkluderinga som skal finne stad i kjølvatnet av migrasjonen er viktig. Eg trur at kunsten og kulturen må vise veg om vi skal makte å utvikle samfunnet i ei meir human retning. Les meir…

Graduation Ceremony 2016

Graduation took place on Saturday 21st May at UWC Red Cross Nordic. It was a pleasure to welcome so many families, host families from our local community and other guests on Friday evening for dinner in the Høegh and then a cultural show – all coordinated by the first year students.

The ceremony took place in a beautifully decorated auditorium at 14:00 on Saturday and consisted of speeches, a slideshow, a special video for the occasion, musical performances and the formal graduation procession.

The Rektor, Richard Lamont, opened Les meir…

Lokal veke 21 - 2016 Kva skjer? Kva kan du få oppleve? Veit du om noko som er kjekt for fleire å vere med på? Fortel!

Parken i Dale 21. mai. Klatrejungel og aktivitetar

Her kan du sjå litt av det som skjer og som du kan delta på i Fjaler og i nabolaget. Denne veka og
framover. Veke 21 er 23. mai – 29. mai 2016
Du må lese Kalender til høgre på denne sida for å sjå alle arrangement. Klikk på Heile Kalenderen for å sjå lenger framover.
Hugs å skrive inn arrangement på Kalender her dersom du vil gjere noko kjent. Då kan det komme i Firda. I Kva Skjer?-spalten.

Kva skjer? Tur, konsert, Kulturscene Fjaler, teater, kino, kafe, marked, dans, revy, badeland, utstillingar, fotball, handball, sykkel?
¤¤¤ Les meir…

Kulturscene Fjaler 21. mai 2016. Konsert med Dalsfjorden spelemannslag.

Fint med 14 grader og opphald i Dalstunet, Kulturscene Fjaler, på laurdag.
Konsert med Dalsfjorden spelemannslag.
Litt for lite dans, meinte spelemennene og speledamene.
Det er godt at publikum i Dale kan bli betre til å danse.

Elles var her marked med maleri, opplæring i Les meir…

Graduation 2016 UWC i Flekke. 21. mai.

UWCRCN Graduation 2016 i Flekke. 21.mai.
To timar film frå avslutnings-seremoni for om lag 100 elevar som skal ut i verda.
Gratulerer og lykke til!

22.05.2016
Asbjørn Eikerol

Om UWC HER