Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord dale

Ny utgåve av "Kulturvandring i Dale"!

Velkomen i Studio Nova (gamle kommunestyresalen/ lokalet), Dale sundag 14. desember kl 14.00! Då lanserer heftet som kjem rykande ferskt frå trykkeriet! Prisen er kr 200,-

• Greta Hekneby vil fortelje om bakgrunnen for heftet og ta for seg ein av stadene i heftet – Tross
• Knut Bakkebø vil sei noko om gamle grenser mellom gardane i «selve Dale»
• Thora Hovland vil fortelje om oldtidsfunn i Dale

Vi viser bilete til innlegga og frå heftet på veggen. DU må også gjerne ta ordet!

Vi trur dette skal bli ei kjekk ettermiddagstund med forteljingar frå «gamle» Dale!

*Servering: *Kaffi og te, og noko søtt og godt å bite i vert sett fram. Det er gratis!

Bokmarked: Vi sel «Kulturvandring i Dale», og fleire lokale hefte og bøker frå Fjaler sogelag, Fjaler kommune, Jakob Sande-selskapet og frå bokhandelen. Julegåvetips! Ta gjerne med kontantar, men vi har også bankterminal.

Arrangør: Fjaler kommune, kulturkontoret

Kulturvandring i Dale: Dale kyrkje/ Folkebadet/ Skulehuset/ Det gamle kommunehuset / Klokkargarden / Vevang/ Jakob Sande-bysta/ Steia / Trudvang/ Gamleheimen/ Gamle banken/ Dalstunet/ Dalsbua/ Dale-huset/ Skaar-huset / Vesle Daniel-statuen/ Grøvlen-huset / Skovly (Gilbert-huset)/ Yksnebjør (Nitter-garden)/ Elvahaug / Sjøhaug/ Granholt/ Hovland og Rakneberg/ Wilkenbua/ Tross / Skofabrikkken/ Dampskipskaia/ Transplant/ Gjestgiveriet/ Vonen-huset/ Bautasteinen ved

Jubileumsheftet for Dale kyrkje kan kjøpast på kyrkjekontoret

Heftet som er skrive i høve 150-årsjubileet for Dale kyrkje vart lagt fram for sal under jubileumshelga, og mange nytta høvet til å handle. Heftet er på 64 sider, med mange fine bilde, og prenta i eit opplag på 600. Det er til sals på kyrkjekontoret, og dei som har tenkt å sikre seg heftet til eige bruk, eller som ei høveleg gåve, til dømes til jul, bør ikkje vente med å kjøpe. Prisen er kr.150,- eller du kan få tilsendt i posten for kr.200,- inkl. porto. Ring 57 73 97 70 eller send epost til kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no.

Grøneholten på sykkel

Noen går – noen sykler.

Grøneholten på sykkel

Taizékveld i Dale kyrkje søndag 9. mars kl.19.30

Det er nokre år sidan sist vi hadde Taizékveld i Dale, men no på søndag kan du vere med Cantus og musikarar frå United World College, kantor Mark og sokneprest Lilja Kristin, og oppleve denne stemningsfulle musikkgudsteneste.

Musikken frå Taizé er vakker og roleg, prega av 4-stemt korsong, instrumentale stemmer og solistvers. Korsongarar er spesielt invitert til denne annleis songgudstenesta. Allsongane syng vi fleirstemt – notane står i Norsk Salmebok 2013. Det kan bli ei mektig oppleving.

Åge Haavik skriv det følgjande om Taizé salmane:

Gjennom hele kirkens historie har det vært slik at sterke åndelige bevegelser skaper sang. Slik er det også med det klosterlignende økumeniske fellesskapet i Taizé i Frankrike. Hvert år reiser tusenvis av mennesker, de fleste ungdom under 30 år, til denne lille landsbyen for å delta i undervisning og gudstjenesteliv i den eiendommelige kirken. De fleste bor i en kjempemessig teltleir på området.

Noe av det som gjør sterkest inntrykk, er den særegne sangen i gudstjenestene. Slik vi kjenner Taizé-sangen i dag, er den formet av den franske kirkemusikeren og komponisten Jacques Berthier (1923-94). Korte utsagn fra den kirkelige tradisjon eller fra Bibelen, på latin eller et eller flere av verdensspråkene, ikles enkle og velklingende melodier, som oftest med firstemmig sats. Dette gjør at sangen i gudstjenestene i Taizé alltid lyder flerstemmig, og korsatsene er konsipert slik at det ikke gjør så mye at cantus firmus synges av både dame- og herrestemmer.

Det andre særpreget ved Taizé-sangen er alle gjentakelsene. Poenget med dette er egentlig ikke å «gjenta», men at sangen er meditasjon og ofte også har en ledsagende funksjon, for eksempel sammen med bønn.

Vel møtt til ein stemningsfull kveld med mykje fin musikk!

Nytt treningssenter i Fjaler

Vinn månadskort på open dag!
Laurdag opnar ordførar Arve Helle treningssenteret på Dingemoen idrettspark i Dale, og du kan prøve dei nye fasilitetane same dag.
Les meir…

Tips til tur

Gåsvær

Etter å ha prøvd Øyhoppingsturen til Jensbua, vil eg absolutt anbefale alle å prøve denne. Det var ei stor oppleving.

No reiste vi frå Askvoll til Krakhella først, men det er ingen problem med å starte denne turen frå Dale heller via Rysjedalsvika. Marita på Jensbua tek mot påmeldingar slik at “Stjernsund” på Hardbakke ikkje blir overbooka (plass til 28).

Blogg

Google+ fotoserie

LEVERANDØR AV UTSTYR TIL TRENINGSENTER I DALE

Dale IL og Dingemoen Idrettspark har valgt Alf Salbu AS som vår leverandør av utstyr til det nye treningssenteret som skal opne i Fjalerhallen i haust. Vi har hatt inne tilbod frå fem ulike leverandørar og det er gledeleg at eit lokalt firma har kunne gje oss eit tilbod som fullt ut tilfredsstiller dei krav vi satte til utstyret, samt konkurrere på pris med dei andre.
No blir det å starte arbeidet med å få levert utstyret. Byggherren reknar med at vi kan overta bygget 1.september. Då blir da ein periode med innflytting/innredning før vi kan ta i mot publikum.
Vi gler oss til dette står klart.

For Dingemoen Idrettspark / Dale IL
Vidar Samuelsen & Ingrid Bjergene

FOLKE-AKSJON: Innsamling til treningssenter i Fjaler

Til hausten vil det nye treningssenteret i Fjalerhallen vere klart for alle treningsglade i Fjaler!
Dale IL er ansvarlege for å finansiere innkjøp av utstyr til treningssenteret. Derfor er det no satt i gang ein “Folke-aksjon” for å samle inn pengegåver til å kjøpe treningsutstyr for. Vi oppmodar alle som er positive til at ting skjer i Fjaler om å støtte innsamlingsaksjonen!

Les meir om treningssenteret og aksjonen på heimesida til Dale IL!

NYTT TRENINGSENTER I FJALER

FOLKE-AKSJON, INNSAMLING TIL TRENINGSSENTER I FJALER

Som mange gjerne vet så holdar vi på med ein forholdsvis stor utbygging av Fjalerhallen.
Vi utvidar med omlag 230 rutemeter treningsareal og omtrent like mykje lagerplass.
Bygginga er finansiert av Fjaler kommune, Sogn & Fjordane fylkeskommune og med tippemidlar. Bygget skal stå ferdig 1. september i år.
Driftsselskapet for Dingemoen Idrettspark skal stå for den daglege drifta av bygget, mens Dale IL er ansvarleg for å finansiere innkjøp av utstyr til bygget.
Difor er det no satt i gong ein “Folke-aksjon” for å samle inn pengegåver til å kjøpe treningsutstyr for. Idrettslaget har i desse dagar over 50 personar i sving med å verve privatpersonar som støttespelarar som er villig til å bidra med tilskot.
I treningssenteret vil det vere ein stor spinning sal, område for styrkeløftarane våre og sist, men ikkje minst vil det vere tilrettelagt for mosjonistar og andre som kan tenke seg å begynne å trene på helsestudio. Vil ynskjer å få på plass gå-maskinar, ro-maskin, multi-apparat som fleire kan trene på samstundes, ski-maskin, ergometer-syklar, ellipse-maskin og anna treningsutstyr. Vi samarbeider med fysioterapeut og andre med stor kompetanse på treningssenter for å prøve å få på plass best mogleg utstyr som kan dekke alle sitt behov. Treningssenteret i Fjalerhallen skal vere ein plass for alle, både dei som driv aktivt med ein idrett, men også dei som ynskjer å komme i gang med litt trening. Vi vil difor også tilby instruksjon for alle.
Vi oppmodar alle som er positive til at ting skjer i Fjaler, om å ta godt i mot dei utsendte innsamlarane våre når dei tek kontakt. Skulle dei av en eller annan grunn ikkje treffe deg heime, så har vi konto nr 3705.24.43882 i Sogn & Fjordane Sparebank som er øyremerka innsamlingsaksjonen.
Alle bidrag er kjærkomne og motas med takk!!

For innsamlings-aksjonen
Elisabeth Boge
Linda Hovland
Rolf Kleiven
Vidar Samuelsen

Vidaregåande skular og samfunnsøkonomi

“I Norge er det i dag nesten én million mennesker i alderen 15-29 år. Av disse var 100.200 utenfor arbeidslivet ved utgangen av andre kvartal. Det er en andel på godt over ti prosent. Professor Torberg Falch ved NTNU har regnet seg frem til hvor mye samfunnet taper for hver person som faller utenfor arbeidslivet når de er 20 år: 7,1 millioner kroner per hode. I tillegg kommer økt skatt for å finansiere trygder, økt sannsynlighet for rus og kriminalitet, smitteeffekter og lavere livskvalitet. Dersom disse ikke kommer inn i arbeidslivet igjen, vil det dermed koste samfunnet minst over 700 milliarder kroner, ifølge DN.nos beregning".
(Kjelde 13.10.12:www.http://www.nrk.no/nyheter/1.8357321)

Vi les stadig rapportar om fråfall i den vidaregåande skulen, fleire unge blir uføre, og nye tiltak blir initiert av staten, satsingar som «Ny Giv», blir etablert for å bøte på dette. Vi brukar store summar på behandling og rehabilitering når fråfallet er eit faktum, i staden for å sikre tilgang til ein skule i nærområdet i den sårbare alderen mellom 16 til 19 år. Foreldre og allereie etablerte nettverk er godt å ha, når elevane dagleg står ovanfor store avgjersler som igjen kan få fatale fylgjer, om ein ikkje har foreldre som kan gje råd og støtte undervegs. Kva med å bruke ressursane i andre enden, så slepp vi i mange triste skjebnar og familiar som lir.

Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen er fem kommunar med stor geografiskspreiing. Faktum er at 100 elevar som no kan pendle mellom heim og skule dagleg, må flytte på hybel om Dale vidaregåande blir nedlagt. Vi krev at fylkespolitikarane ikkje berretenkjer sentralisering når dei skal spare pengar. Vi har ein kvalitetsskule i HAFS som sist vår kunne vise til eksamensresultat heilt i toppen i fylket. Ved å la ungdomen i HAFS få behalde skulen sin, er ein med på å førebyggje at nokre av desse ungdommane får problem og kanskje blir skulesluttarar som samfunnet må hjelpe vidare. For samfunnet og elevane i Gulen og Solund er Hordalandsavtalen heilt avgjerande, avtalen må oppretthaldast.

Kysten skal ikkje avfolkast! Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at bygdene i HAFS blir tømde for ungdomar i alderen 16 til 19 år. Ungdommane er svært viktig for å kunne oppretthalde levande bygder, ungdommane er innbyggjarar, forbrukarar, og ekstrahjelper i private og offentlege verksemder. Elevane og verksemdene knyter band, og skapar framtidige arbeidsplassar der elevane bur.

Arbeidarpartia i Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen.

Framtid i HAFS = Dale vgs og Hordalandsavtalen

Høgrelaga i Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll vil påpeike at det å ha eit tilbod om videregåande skule i ein region, er heilt fundamentalt nødvendig for samfunnsutviklinga i alle delar av fylket.

For HAFS-regionen er det Dale videregåande skule og Hordalandsavtalen som sikrar at ungdomen har ein valgmoglegheit, og eit reellt valg om å bu heime under skulegang i alderen 16-18.

Hybellivet passar for nokre, men langt frå for alle, og bør difor vere frivillig. I verste fall kan vi i framtida få ein skulefri region frå Knarvik til Førde. Det vil tvinge store elevgrupper ut i eit ufrivillig hybelliv, og vil stå i uforståeleg kontrast til dei samferdsletiltaka som gjennom dei siste åra har vorte gjennomførte og som kystkommunane er samde om skal gjennomførast dei komande åra, for å skape felles bu- og arbeidsområde på kysten.

I tillegg vil det tømme ein heil region for ungdom mellom 16-18 år, med dei alvorlege konsekvensane det vil ha for lokalt kultur-, idretts- og næringsliv, og gjere heile regionen mindre attraktiv med tanke på rekruttering av arbeidskraft og tilflytting.

Det at ungdomen har høve til å bu heime i desse viktige ungdomsåra, bidreg til å auke tilhøyrigheita til heimstaden som igjen gjere det meir sannsynleg at ungdomen vurderer å flytte heim att etter endt utdanning. Dette har HAFS gode erfaringar med dei siste åra, bl.a. med dei vellukka årlege HAFS-treffa (tidlegare Fjaler-treffa) i Bergen, der uformelle nettverk av tidlegare elevar ved Dale videregåande skule spelar ei aktiv rolle. Det at ungdomen har fått bu heime og knytt tette band til både heimstad og kvarandre under den videregåande utdanningstida, og oppfølgjing frå kommunar og lokalt næringsliv, har bidrege til at mange har flytta heim att og starta eigne verksemder eller blitt rekruttert som arbeidstakarar til næringsverksemdene i regionen.

Næringslivet i HAFS har solide og store verksemder, både i eigen region og i tilknytning til Mongstad, knytt til bl.a. marine næringar, skipsindustri, olje og gass og IKT. Næringslivet er svært tydelege på at det er behov for lokalt tilpassa opplæring innan både marin produksjonsteknikk og IB-studie, for å sikre rekruttering av ungdom til desse næringane, og stiller endå til opp med finansiering på nær ein halv million kroner og garanti for lærlingplassar for å realisere ei slik satsing. Det gode og tette samarbeidet mellom næringslivet i HAFS, Dale videregåande skule og RKNUWC , Mongstad og Austrheim videregåande skule, er eit solid fundament for ei framtidsretta utvikling for vekst og verdiskaping i HAFS og heile fylket.

HAFS-regionen er i alle andre høve rekna som ein eigen region i Sogn og Fjordane, med eige regionråd og regionrådsleiar, og dette må ein også forholde seg til når det gjeld drøftingane om skulestrukturen. Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll Høgre krev difor at Sogn og Fjordane opprettheld ein desentralisert skulestruktur, som også inkluderer Hordalandsavtalen, der kvar region i framtida er sikra eit skuletilbod. Det er vårt syn at ein stor del av innsparingane kan takast gjennom effektiviseringstiltak ved alle skulane.

25.04.13,

Fjaler Høgre, v/leiar Eivind Antonisen
Askvoll Høgre, v/leiar Onar Osland
Hyllestad Høgre, v/leiar Geir Helge Nordstrand
Solund Høgre, v/leiar Ole Gunnar Krakhellen
Gulen Høgre, v/leiar Anne Mette Dahl Andreassen

Her har me lyst til å vera ?

“Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord(…) Her har me faktisk det meste me treng. Her har me vener og kjende i fleng, Her er det nok å gjere. Her har me lyst til å vera”.
Eg hugsar enno den dagen då vi song denne songen, hakk i plata. Det var på barneskulen ein gong, på Dingemoen skule i Fjaler og vi skulle spele inn denne songen for bruk på radio eller til eit prosjekt. Kvifor er ikkje så nøye, teksten var like fengande den gong då som no. Sogn og Fjordane. Åra har gått, eit viss eigarskap trur eg mange har til songen, i ei tid kor den kan koplast til samfunnsdebatten om skulestruktur.

Her er det nok å gjera
Kva er det som gjer at ein har lyst til å vera ein stad? I songen om ”Sogn og Fjordane” er viktige moment at «her er det nok å gjera”. Nok å gjere kan vere knytt til arbeid, men også til fritid. Arbeid vert rangert som hovudmotiv ved flytting (Sørlie, 2006:1) og er soleis eit viktig element for å tiltrekke seg og halde på innbyggarar. Nok å gjere med tanke på fritid kan vere så mangt, i ei lita bygd står ungdom sentralt i å oppretthalde eit fritidstilbod for innbyggarane. Både arbeid og fritid kan igjen knytast til skulestrukturen og skuledebatten. For arbeidsplassar er tilgang på kompetent arbeidskraft viktig, og vidaregåande opplæring spelar ei viktig rolle. Då eg skreiv mastergradsoppgåve ved Høgskulen i Volda skreiv eg om høgkompetent utanlandsk arbeidskraft i den maritime klynga på møre. Eit av funna var at skule for borna deira var svært viktig, og då særleg ein skule av internasjonal karakter, til dømes som kunne tilby IB linje. I Sogn og Fjordane er det eit aukande behov for arbeidskraft og då også utanlandsk arbeidskraft. Det å legge ned skular står sterk i kontrast til denne utviklinga. Eit forslag som har blitt fremma i debatten er til dømes å kunne sjå synergiar mellom UWCRCN (United World College Red Cross Nordic) og den nedleggingstruga Dale Vidaregåande skule. På den måten kan ein sjå synergiar for samarbeid og skape spanande moglegheiter saman.

Her har me vener og kjende i fleng
Vener og kjende i fleng vert også nemnt i songen om Sogn og Fjordane. Det er nemleg slik at over halvparten av befolkninga bur i den kommunen som dei vaks opp i (Sørlie, 2006:1), så Stedje har nok eit poeng i songen han lagde. Den andre halvparten har nok kanskje følgt straumen og reist til meir sentrale strøk, og det er nok ikkje usannsynleg når det gjeld Sogn og Fjordane.

Ved å gjennomføre vidaregåande opplæring i tett tilknyting til sin heimstad, slik at ein framleis kan bu heime, så kan dette for mange auke tilhøyre til staden og vere med å forme identiteten i stor grad. No er det jo sjølvsagt ikkje slik at dersom ein vel å ta vidaregåande opplæring ein annan stad, så vert ein identitetslaus utan ei kjensle av å høyre til. Men dersom ein får bu heime fortsatt medan ein tek vidaregåande opplæring, så kan dette vere ein grobotn for at ein seinare vel å busetje seg i kommunen, eller i Sogn og Fjordane. Det er også slik at det ikkje er for alle å flytte på hybel som 15 – åring. Det kan hende det er slik, og det kan hende det ikkje er slik. Det er vel her mykje av kjerna ligg, ein veit for lite om konsekvensane av nedlegging av skulane og flytting av ungdom på hybel. Ein bør vite meir om det før ein sett i verk slike drastiske tiltak. Ser ein på studiar som er gjennomførte i til dømes Finnmark, vert det hevda at ein årsak til fråfall i den vidaregåande opplæringa kan vere at kvar tredje elev må flytte heimanfrå for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring (Markussen et al , 2008). Det burde vere eit tankekors for Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Kor vidt ein kan samanlikne desse funna frå Finnmark med Sogn og Fjordane det skal eg ikkje spekulere i, men det er vel verdt å sjå nøyare på funna. Det er ikkje ønske å lage noko komparativ analyse av desse to, men det kan vere vel verdt å merke seg utfallet av at so mange elever må flytte heimanfrå for å fullføre vidaregåande opplæring og kva konsekvens dette får for gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det levnar liten tvil om at nedlegging av skular i fylket slår i sterk kontrast til fleire av dei andre satstingsområda til fylket, og undergravar fleire av dei viktige elementa som ein bør satse vidare på skal ein bli eit fylke ein trivst i, og eit fylke med auka verdiskaping.

Mellom barken og veden
“Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet og utnytte bygg og eigedommar mest mogleg kostnads – effektivt”.
Sitatet overfor er henta frå Fylkesutvalsvedtak 48/12, 23.05.2012, og syner til korleis ein kan samstundes tilby innbyggarane høg kvalitet i skulen men også kunne gjere dette kostnadseffektivt. Her er det fleire moment som er usikre eller som ein kan setje spørsmålsteikn ved. Kva er dei framtidige økonomiske rammene, altså kva baserer ein desse på? Korleis vil desse bli påverka av at ein legg ned skular? Ei vidaregåande opplæring av høg kvalitet – korleis måle kvalitet? Kvalitet i opplæringa eller kvalitet sett i eit økonomisk perspektiv?

Eg kjem ikkje med ei ny tolking av modellane, ei heller eit konkret tiltak til skulestrukturplanen (anna enn til dømes sjå synergiar mellom UWCRCN og Dale Vidaregåande skule), ei heller elevtal og kva næringslivet ønsker, jamfør dei punkta som fylkeskommunen skisserte over kva ein ønskte innspel på innanfor fristen denne veka. Men eg kjem med nokre refleksjonar om kva som gjer ein stad og eit fylke attraktivt, om kva som kan skape tilhøyre og skape liv på ein stad. Her står den vidaregåande opplæringa sentralt. Ikkje berre fordi den er viktig for tidlegare, framtidige og dagens elevar og for dei som arbeider ved skulen, men for ringverknadane ein slik skule har og betyr for eit samfunn.

Her står me små og store syng i det same koret
Avslutningsvis, så skriv Stedje i songen sin, at “her står me små og store og syng i det same koret”.

Det er vel det vi gjer, innbyggarar – tilflyttarar eller heimattkomne, dei fråflytta, fylkeskommunen, syng i same koret. Syng for å bevare skulen vår.

I stortingsmelding nr.25 om ”Lokal vekstkraft og framtidstru, om distrikts – og regionalpolitikken” kan ein lese at: “Regjeringa vil at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Vi vil sikre likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa vil oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret for å vidareføre og vidareutvikle det mangfaldet i historie, kultur og ressursar som ligg i dette” (St.meld,2009:7). Korleis kan ein ha reell fridom til å busetje seg der ein vil når ein ikkje kan få gå på vidaregåande opplæring i tilknyting til heimstaden sin? Korleis er dette å sikre likeverdige levekår? Som utflytta Fjalerbu ønskjer eg å synge i koret for å bevare Dale vidaregåande skule. Kanskje i ein annan form enn slik den er i dag, men å legge ned ein skule i ein kommune med lange skuletradisjonar, utan å ta høgde for alle som allereie må reise langt for å gå på denne skulen, utan å vite nok om kva konsekvensar dette kan få for framtidig regional utvikling, er ikkje å leve opp til songen om Sogn og Fjorande: her har me lyst til å vera.

Sogn og Fjordane: Alle gode ting er ?

Nokre refleksjonar frå ei utflytta Fjalerbu, nokre dagar før fristen for å sende inn høyringsfråsegn til fylkeskommunen går ut,
Marte C.W.Solheim

Referanser
Markussen, E., Frøseth, M.W., og J.B.Grøgaard (2009): «Inkludert eller segregert? Om spesialundervising i videregående opplæring like etter innføringen av kunnskapsløftet», NIFU STEP.
http://www.udir.no/Upload/Rapporter/EvaKL/5/Sluttrapport_Spesialundervisning_videregaende.pdf

Solheim, M.C.W (2011): ”På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på møre”, Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing, Høgskulen i Volda.
http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=114136394&kid=biblio

Stortingsmelding nr.25 (2008-2009): «Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts-og regionalpolitikken».
http://www.regjeringen.no/pages/2175012/PDFS/STM200820090025000DDDPDFS.pdf

Sørlie, K. (2006): ”Bosettingspreferanser, flyttemotiver og flytteprosesser. Status og perspektiver omkring den regionalebefolkningsutviklingen i Norge”, Notat til Kommunal og regionaldepartementet, 16.02.2006.

Fjaler - frå spanande skulehistorie til…?

«Få stadar i Sogn og Fjordane har ei så fargerik og spanande skulehistorie som Fjaler kommune!»
Slik startar NRK sin artikkel om skular i Fjaler. Her kan ein mellom anna lese at Fjaler kunne frå 1800 – talet skilte med jenteskule, husmorskule, «bondehøgskule» og pensjonatskule for gutar. Seinare fekk Fjaler «Sunnfjord Gymnas», og på 90-talet kom også den internasjonale skulen UWCRCN (United World College Red Cross Nordic).

Lesaren av denne artikkelen sit igjen med inntrykket at Fjaler har lange tradisjonar innan utdanning og at det er ein kommune som har satt utdanning i høgsetet i si regionale utvikling. Professor Amdam skriv i boka si «Planlegging som handling» at «I den nye regionalpolitikken må regionane sjølve framstå som aktørar og kvar nasjon må konkurrere internasjonalt med sine beste regionar. Idealet for den nye regionalpolitikken synest vere å skape regionar i ein god balanse mellom styring ovafrå og mobilisering nedafrå» (Amdam, 2005:15). I dette ligg mykje av det som eg som utflytta Fjalerbu ser er i emning i Fjaler, ei sterk mobilisering nedafrå for å behalde den lokale vidaregåande skulen. Det å kunne tilby den lokale ungdomen vidaregåande opplæring i Dale og i HAFS – regionen er i mine auge heilt naudsynt for å vidare sikre ei god og fruktbar regional utvikling på mange ulike nivå.

Skal ein setje punktum ved noko av det som har vore ei spanande og fargerik skulehistorie i Fjaler?

Attraktive attributtar
Innanfor regional planlegging og utvikling vert det ofte fokusert på attraktivitet i høve kvar ulike næring ønsker å slå rot. Kor attraktiv ein stad er, har noko å seie for kor mange som vel å busette seg på staden eller i denne regionen. Det er fleire teoretikarar som hevdar at ei slik tilnærming spring ut av ei individualisering av menneske, og at menneske har ein mykje større fridom til å velje kva ein ønskjer seg i livet, enn før (Solheim, 2011:9). Samstundes peikar regionale planleggarar, politikarar og fleire på viktigheita av sosial samhøyre, sosial kapital og kollektivisme for å kunne vidareutvikle regionar. For at Fjaler og HAFS – regionen skal kunne framstå som attraktive busetnadsområde så framstår det å ha eit tilbod på vidaregåande opplæring som ei viktig brikke. Ein må stå saman i dette arbeidet for å kunne lukkast. Spørsmålet bør ikkje vere om ein skal setje punktum for Dale Vidaregåande skule, men snarare: korleis ein kan unngå det.

Synergiar i samarbeid
Det å kunne sjå moglegheiter for synergieffektar er nok eit viktig sjakktrekk skal ein sjå den regionale utviklinga i lyset av dei sterke globaliseringskreftene som har innverknad på firma, næringar og regionar. Ved å fokusere på synergien av samarbeid mellom til dømes UWCRCN og den vidaregåande opplæringa i Fjaler så kan ein snu debatten til noko kreativt. Fjaler næringsutvikling skreiv i dag, 06.02.2013 at : «Samarbeid, Dale vgs og UWC, har alle føresetnader for å få dette til på ein effektiv måte». Eg meinar at ein må kunne sjå synergiar mellom Dale Vidaregåande skule og UWCRCN! Korleis dette skal kunne løysast i praksis må ein sjølvsagt også diskutere, men det levnar lite tvil om at dette er ei viktig brikke i debatten. Jamfør den spanande historia til Fjaler som ein stad med lang og nyskapande skuletradisjonar, så har Fjaler gode føresetnadar for å få dette til.

For å tilføre debatten nokre synspunkt basert på eige liv og eigen arena, så kan eg fortelje at eg fullførte mi vidaregåande opplæring ved Atlantic College (UWCAC) i Wales etter eitt år ved Dale Vidaregåande skule. Det var starten på to fantastiske år på eit slott ved kysten av Wales. Eg vil argumentere for at hadde det ikkje vore for den oppveksten eg hadde hatt i Dale, og kontakten med UWCRCN i Flekke, så hadde eg kanskje ikkje visst om moglegheita for å ta ein IB (International Baccalaureate) og ei heller hatt den tryggleiken og bagasjen som mellom anna skulen i Dale hadde gjeve meg. Dei tilsette som eg var i kontakt med ved ungdomsskulen i Dale og ved Dale vidaregåande skule i denne tida var alle svært støttande og eg trur utan tvil at den faglege ballasten eg hadde med meg frå desse var uvurderleg då eg kom inn på denne skulen. Det skal også seiast, at det å flytte heimanfrå som 16 – åring nok ikkje er for alle, og skal ein sikre ei framtid for Fjaler og HAFS – regionen så står den vidaregåande skulen som ei av bærebjelkane i ei positiv utvikling for denne regionen.

Hadde ein fått til samarbeid med Dale Vidaregåande skule og UWCRCN så vil ein kunne tilby lokal ungdom ei fantastisk utdanning samstundes som ein også vil kunne sjå fleire moglegheiter for den internasjonale ungdommen ved UWCRCN.

Med beste helsing frå ei utflytta Fjalerbu,
Marte C.W.Solheim

Referansar
Amdam, R. (2005): «Planlegging som handling», Universitetsforlaget
Solheim, M.C.W. (2011): «På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på Møre», Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing», Høgskulen i Volda.
«Skular i Fjaler»
http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Skular_i_Fjaler

  • 23.09.2012 — Solnedgang over Dalsfjorden.
  • 23.09.2012 — Høsten er nydelig slik:)
  • 23.09.2012 — Ferja på veg mot land, i solnedgang.
  • 23.09.2012 — Fra kirkegården i Dale. Nydelig høst søndag:)
  • 23.09.2012 — Solnedgang over Dalsfjorden.

GATEFESTEN 2012

Den tradisjonsrike Gatefesten i Dale er i år flytta ned på kaia framfor Fossen Bryggeripub.
Dagen for Dalsfjordens største fest i 2012 er lørdag 11. August.
Portene åpner klokka 21.00. Prisen for å komme inn er som i fjor, kr.250,- før kl.23.00 og kr.350,- etter klokka 23.00.
ROMA som vart publikumsfavorittene i fjor, stiller på nytt i år. Her veit ein ka ein får- og eg trur vi kan garantere at dansefoten din skal få noko å jobbe med her.
Nytt band i år er SUNDAY MORNING frå Askvoll som består av 5 rutinerte musikare frå nordsida av fjorden. Det er:
Odin Hestholm – Trommer og vokal
Odvar Espedal – Bass og Vokal
Øyvind Selvik – Gitar og Vokal
Erling Paul Eikemo – Gitar, Mandolin og Vokal
Einar Alsaker – Vokal, Gitar og munnspill
I tillegg har dei med seg Richard Herland som lydteknikar
Dei spelar mykje musikk frå 70-talet, og hevdar sjølve at dei er påverka av The Rolling Stones.
Vi kan iallefall love deg ein heidundrandes fest på kaia i Dale neste lørdag.
Velkomen alle som er glade i ein god musikkfest.

Postkort frå Dale

Endeleg har vi postkort med motiv frå Dale til sal på bokhandelen.
Vi har hatt mange som spør etter kort med lokale motiv og no har vi fått på plass dei to første korta. Fleire motiv vil kome etterkvart.
Det første er eit tradisjonerlt bilete som syner kyrkja i Dale. Det andre kortet har eit motiv frå Elva, kor ein også ser Transplant, litt av Borgen og ferja som går mellom Dale og Eikenes. I bakgrunnen kan ein skimte brutårna til Dalsfjordbrua.

Orgelkonsert - "ei musikalsk reise gjennom Europa"

Etter populært ønskje blir det også i år orgelkonsert i Dale kyrkje med kantor Mark Taylor. Det blir ei musikalsk reise gjennom Europa med orgelmusikk frå mange europeiske land. Du får høyre verk av dei store komponistane som Debussy, Mozart og Bach, samt Noreg sin eigen Ludvig Lindeman (komponisten av «Påskemorgen» og «No livnar det i lundar» som grunnla Norges Musikkhøgskolen). Vi markerer 200-årsjubileum for Lindeman i år. Kollekten går til Landsbyutvikling i Mali.

Vel møtt i Dale kyrkje, onsdag 23. mai kl.19.30!

Ljosheimsbasaren

18. februar kl.15.00 er det igjen tid for Ljosheimsbasaren.
Det er flott om du tek ettermiddagskaffien på Ljosheim denne laurdagen og støttar opp om huset. Kakebordet er stort! Ljosheim er eit viktig hus for alle som soknar til Dale kyrkje, og er flittig brukt til mange aktivitetar. Av erfaring veit vi at folk er flinke til å kjøpe lodd, noko vi er svært takksame for. Det trengst midlar til både straum og forsikring, samt vedlikehald, inkl. utskifting av gamle og trekkfulle vindauge.
Vel møtt til Ljosheimbasar – håpar du kjem!
Ljosheimvenene.

Spinning i Fjalerhallen 2012

Det er januar, nytt år og nye treningsmoglegheiter.

Dale IL Sykkel inviterer til spinning i Fjalerhallen 3 gongar i veka. Spinning er sykkeltrening etter musikk leia av instruktørar og ein super måte å komme i betre form på uansett alder. Treningsforma er lite belastande for kroppen, passar alle og du bestemmer sjølv intensiteten din utfrå di formkurve. Instruktøren rettleiar deg til trygg og sikker trening.
Treningstider:
Måndag kl 6.30 – 7.30 Passar alle
Tysdag kl 17.30 – 18.30 Passar alle
Torsdag kl 18.00 – 19.00 Passar for deg som er i litt i form

Ynskjer du å trene utanom desse tidene kan du ta kontakt med Linda Hovland tlf 99 01 78 52 for informasjon

Varetelling

Torsdag 5. januar held vi stengt pga varetelling på butikken.

Godt nytt år til alle våre kundar, både gamle og nye i 2012. Vi åpnar dørene for eit nytt år i morgon mandag 2. januar klokka 09:00, men på torsdag lyt vi ha varetelling. Då held vi stengt, og satsar på å gjere unna mest mogleg av tellinga i løpet av dagen. Fredag 6. januar er du velkomen tilbake igjen.

Helsing gjengen på bokhandelen i Dale

Godt nytt år

Bokhandelen i Dale takkar alle sine kundar for året som snart er forbi, og ynskjer dei eit godt nytt år. Vi avsluttar 2011 med eit kanontilbod for dei som besøker Facebook-sida vår, Dale bok & papir.

Julaften kom tidleg i år

Fjaler kommunestyre gjekk i går inn for å fullfinansiere utbygging og rehabilitering av Dingemoen Idrettspark. Ein gledens dag for innbyggjarane i Fjaler. Dette visar at Fjaler kommune tek ansvar for sine folk, og satsar på forebyggende helsearbeid blant store og små.
No vil vi få på plass nytt dekke i hallen, nytt dekke på kunstgrasbane, nytt treningsstudio, lagerrom og garasje for traktor, samt vedlikehald av taket.
Vi skal vere glad for at vi bur i ein kommune som tek sitt ansvar til fulle og er med på å styrke det frivillige arbeidet i bygda. Anlegget er i dag utnytta omlag 100% og eg trur nok at utnyttingsgraden på det nye treningsstudioet vil bli like høg.
På vegne av alle brukarane vil eg takke kommunestyret for denne fantastiske julegåva.
Fjaler viser veg – god jul alle saman

Trøtt og glad

Les meir…