Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord glede

Tur til Madeira hausten 2012

Aleine ? Eller av andre grunnar har lyst til å reise på tur med fleire ?
Dette er eit samarbeid mellom Fjaler frivilligsentral og Hyllestad frivilligsentral i lag med Vitaltour. Det er reservert 20 plassar frå kvar gruppe med tilhøyrande deltakarar frå Fjaler og Hyllestad.

Foto: Frå hotellet Girassol på Madeira

Tid: 18. – 25. oktober 2012, avreise Bergen
Pris: kr 8 335,- pr. person i junior suiter inkludert ½ pensjon, reise til/frå Dale – Hyllestad – Flesland/ Bergen.

Påmelding/Nærmare informasjon:
Solfrid Andersen (Hyllestad) – tlf 41480018
Harry Standal (Fjaler) – tlf 90571136

Meggene slår til med ekstraframsyning 2.juledag

Fantastiske meldingar og fulle hus gjer at Meggene gler seg til å stå på scena att 2.juledag. Om du var ein av dei som ikkje fekk billett i forrige runde har du sjansen no.

Det finnest knapt ei betre julegåve til heimvendte julegjester og vener. Dale bok & papir sel billettar.

Meggene lovar fullt trøkk, gjensyn med kjende figurar, latter, moro og litt oppjustering av nye aktuelle politiske krumspring.

Du kan rett og slett ikkje gå glipp av MEGGER I MEDVINDSPREKE MEN IKKJE FANATISKE! 2. juledag kl. 19.00 i Trudvang

Sjå og høyr Firdameldar og NRKmeldar sine ord om revyen

Megger i vinden med typespel i toppklasse

Uhøgtidelig galskap-og litt alvor