Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord klokkargarden

Jubileumskonsert DeKor i Løa.

Jubileumskonsert DeKor i Løa.

Lørdag 26.04.14 feira DeKor 10 års jubileum (10 år i 2013) ilag med Fjordklang med fullt hus. Konserten starta kl 19, men allereie under oppvarminga kom det folk som ville høyre på dei to kora.
I to timar fekk sangarane vist resultatet av all øving i vår, og større sangglede skal ein leite lenge etter. Dette merka òg alle dei som kom og høyrte på. Tilbakemeldingane har vore veldig positive og ein ser kor mykje glede sangen og fellesskapet gir oss. Eit fantastisk publikum gav oss også utruleg mykje ─ det var ei stor glede å få synge for alle som kom!
Etterpå var det pub i fjøsen med meir sang og sosialt samvær.

På vegne av DeKor som stod for arrangementet, vil vi takke alle som ville ta turen for å dele denne festkvelden med oss.

Takk til Fjordklang som ville feire dette med oss, takk for hyggelig samvær og fin harmoni.

Eg vil òg takke vår eminente dirigent Hanne Heia Dybvik, pianist Mats Systaddal, fiolinist Ally Pate,
arrangementkomiteen som gjorde ein kjempejobb, gutane i baren og ellers alle i koret og alle hjelperar for eit flott arrangement.

Ellen M. Lidal
styreleiar

TUNVERT/OMVISAR I JAKOB SANDE-TUNET SOMMAR 2011

Jakob Sande-selskapet søkjer positiv og serviceretta ungdom, som vil arbeide som tunvert/omvisar i Jakob Sande-tunet, Dale i Sunnfjord, i perioden 2. juni til 15. august. Tunverten vil vere ansvarleg for omvising, kafé- og krambusal på torsdagane i heile perioden, og nokre sundagar.

Arbeidstida vil vere hovudsakleg frå kl. 15-18. Det kan kome til andre oppgåver, som førefallande arbeid, påfylling av varer, vedlikehald og andre omvisingsoppdrag. Du vil få opplæring. Historieinteresse og kunnskap om Dale og Fjaler vil vere eit pluss.

Du må være over 18 år, ha god allmennkunnskap og beherske norsk og engelsk.

For meir informasjon: kontakt dagleg leiar Therese i 3. etg på Dale senter tlf. 57 73 77 75 / mobil 971 86 486 eller styreleiar Margrete tlf 995 48 767.

Send søknad med CV til Jakob Sande-selskapet, postboks 68, 6961 Dale i Sunnfjord, eller til e-post tunet@jakobsande.no

Fjaler 2009 Sogehefte. Dugnad på Klokkargarden. Nokre foto.

2009.10.31.okt. 005

Dugnad.
Laurdag 31.okt 2009 hadde Jakob Sande-selskapet invitert til dugnad på løa.
Her har Arne Kyrkjebø tidlegare rive eit tilbygg, og Byggfag Dale vidaregåande har bygt opp det som skal bli kjøkken og toalett.

Men her var meir å gjere. Fjøsen skal tømmast så Andreas Langeland kan komme til med å legge nytt golv. Det vert mur og fliser, trur eg.
Så kan her komme stolar og bord og folk, der det før var sauer og kyr og griser. Mat på fat og øl i glas, trur eg.

På låven må høyloft og låvebana rivast ut. Og mangt og mykje anna var lagra. Ut på bålet og brenn opp. Her skal bli eit stort lokale med plass for mange folk som kan lese dikt, synge viser, danse tango og spele teater. Her skal Arne Mortensbakke ha mykje arbeid.

Så klokka to strøymde fjalerfolk til. Det er godt å vere mange om slike tak.
Vi vart ikkje så mange, så vi hadde flaks at her er voluntørar, frivillege, i Dale som kom og hjelpte til. Dei hadde besøk av fire andre voluntørar, flaks igjen. Så no fekk vi assistanse frå Tyrkia, Østerrike, Tyskland, Polen og Latvia.

Vi lempa ut mottetne fjøler, kulisser, gammalt høy, pallar og sauestekkar. Saman med kvist og rask gjekk alt opp i flammar.
Men låvebana og litt meir står att å rive, og materialen her skal brukast om att. Men her kjem nok meir mottetne fjøler og anna rask fram, så her vert nytt bål ein dag. Så blir det ny sjanse for dugnad. Følg med.

Sjå foto.

Om Jakob Sande
Meir foto frå Klokkargarden

Fjaler 2009 Sogehefte.
Før jul brukar dette heftet å dukke opp. Det syter Fjaler Sogelag for.
Her er 80 sider tekst og bilete.
Atle Lyngstad Ness skriv om Øvre Fossedal, einbølt og tungvint, men godt å bu. Mange foto.
Han skriv også om Bakar-Larsen, Lars Eikevik.
Arne Kyrkjebø og Nikka Vonen har samarbeidd om å fortelje om gardvorden i Flekke.
Arne Kyrkjebø fortel også om ein flekking i gamal tid ( 1799 -1865), halvt indar, som dreiv butikk i bygda, Johan Christian Boalth. Han vart bestefar til Benny, fru statsminister Chr Michelsen,1905.
Ingrid Fagerheim fortel om Ulvedal – ein fjellgard i Fjaler.
Knut A Aase fortel om Vassdalsvegen og grindene.

Anders O Skaar frå Grytøyra vart arrestert av Gestapo i 1942. Han kom til fangeleiren Grini. Vi får lese hans “Nyttårshelsing frå Grini” frå rom 8 brakke 10 i 1942.

Greta Hekneby skriv biografi om Nikka Vonen og har med eit stykke: “Familiefestar i begynnelsen av det 19 århundre”.
Per Olav Bøyum skriv om bibliotekstellet i Fjaler før 1850.
Så er her litt klipp frå Firda hausten 1959, for 50 år sidan.
Og du finn ein del foto frå gamle dagar.

Mange kjøper dette heftet og brukar det som helsing til utflytta slekt og vener.

Du får kjøpe det i Dale Bok og Papir og på Kommunen. 120,-kr.

1.11.2009
Asbjørn Eikerol.

2009.10.31.okt. 002 — Filippa var yngst.
Ingeborg Tysnes og Therese K Tokle.

2009.10.31.okt. 004 — Kari Grov og Magne Søgnen. Her er rusk og rask ute også.
På bålet med det!

2009.10.31.okt. 014 — Frå Østerrike og Polen fekk vi hjelp. T.h. Ingeborg Tysnes.

2009.10.31.okt. 022 — DVG Byggfag bygger kjøkken og toalett.

2009.10.31.okt. 016 — Magne Søgnen i fjøsen.

Ikkje heilt klart for servering i Restaurant Klokkaren enno. Grisebingen må ut.
Og snart kjem klokkarvinen inn.

2009.10.31.okt. 010 — Guten i røyken.

2009.10.31.okt. 012 — Ivar Vårdal, Asbjørn Eikerol, Ingeborg Tysnes, Magne Søgnen, Arne Kyrkjebø og Therese K Tokle.
(Kari Grov og Margrethe Reisæter var ikkje framfor kamera.)

2009.10.01.nov. 009 — Klokkarløa i Dale.
Her trengst litt vedlikehald.

2009.10.01.nov. 010 — Sundag og Andreas R Haugen og Allan Christiansen er på inspeksjon. Allan har med tvillingane, og han har lyst til å hjelpe til med el-arbeidet.

2009.10.31.okt. 021 — Frå Tyskland og Tyrkia fekk vi hjelp.

2009.10.31.okt. 005 — Arne Kyrkjebø med Astrup-måleri.