Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord korssund

Korssund Dykkeklubb

Korssund Dykkeklubb er ein nyetablert klubb i 2010. Klubben er oppretta med tanke på å få opp dykkeaktiviteten i HAFS regionen, samt kunne rekrutere og utdanne nye dykkere. Klubben får eit stategisk punkt i Korssund, med mange dykkemuligheiter i nærliggande område.
Klubben kan skryte av å bli den klubben som ligg nærmast vraket Havda med kun få minutter unna med båt. I tillegg vil vraka av Ferndale og Parat i Krakehellesundet kun ligge ein kort båttur unna. Tyrifjord ligg i Askvika på andre sida av Vilnesfjorden samt fleire andre vrak som vil ligge ein kort båttur unna.

I tillegg til vrak er det eit stort mangfold på det maritime livet og ein er nesten garantert å få sett Piggskate på kvart dykk.

Les meir på vår heimeside: http://korssunddykk.no/

Korssund. Gjestehamn. Olsok. Gammal handels- og gjestgjevarstad. Redningsskøyta kjem. Nokre foto.

Lengst vest i Fjaler ligg Korssund. I gammal tid var dette ein sentral stad, ei god hamn på kysten, og gjestgjevarstad. I dag er båtane større og må gå lenger vest. Men no om sommaren går småbåtane denne indre leia gjennom sundet ved krossen.

Difor har handelsmannen, Kjell Skår, og familien satsa på gjestehamn for båtturistar. Her er flytebrygger, drivstoff, butikk og kafé. Her kan båtfolket få bruke vaskemaskiner og dusjar.
Her er også campingplass og ein del hytter.

I det siste har arbeidet på Lutelandet vore vore viktig for folk her ute, særleg for butikken.

Olsok og olsokfeiring har ein lang tradisjon i Korssundet. Kjell Skår fortel at her blir arrangement i år også. Marknad, kåseri og musikk. Grill og dans.
Du kan sjå bilete frå olsokfeiringa i fjor HER

Men alt no på laurdag blir her litt ekstra moro. Redningsskøyta og Elias-båten kjem på besøk. Sjå Origo Fjaler Kalender

Nokre foto.

30.06.2010
Asbjørn Eikerol

Korssund i dag. Lutelandet til høgre.

Korssund før. Gammalt stikk av Korssund. Lutelandet til høgre. Andre båtar og andre hus. Kjelde: Fylkesleksikonet, NRK.

Plass for båtar.

Badestrand med skjelsand og badeflåte.

Holmar og sund.

Båt mot sør, gjennom Korssundet.

Til høgre for husa fører Korssundet mot sør. Der er bru over til Lutelandet.

Butikk. kafé, service. Elin Skår driv butikken no.

Du kan spele sjakk ute. Snakk med Idar Skår. Han var med på laget som vart fylkesmeister i skulesjakk. Dei var også med i NM.

Litt lenger borte er plass for bubilar og camping.

(Frå brua mot nord. Bak ser du Einingsfjellet i midten. Lengst borte ser du litt av Atløy i Askvoll, nord om fjorden.

Frå brua mot sør. Du ser ned mot Krakhellesundet. Hyllestad til venstre og Solund til høgre. Bygningane som du ser, ligg på Lutelandet og er anlegget til Leif Hatløy.

Den store korsen i Korssund ser du like ved brua.

Info. Klikk på biletet og det blir større.

Meir om Korssund på Fjordkysten

Og Korssund gjestehamn