Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord kyrkje

Jubileumsheftet for Dale kyrkje kan kjøpast på kyrkjekontoret

Heftet som er skrive i høve 150-årsjubileet for Dale kyrkje vart lagt fram for sal under jubileumshelga, og mange nytta høvet til å handle. Heftet er på 64 sider, med mange fine bilde, og prenta i eit opplag på 600. Det er til sals på kyrkjekontoret, og dei som har tenkt å sikre seg heftet til eige bruk, eller som ei høveleg gåve, til dømes til jul, bør ikkje vente med å kjøpe. Prisen er kr.150,- eller du kan få tilsendt i posten for kr.200,- inkl. porto. Ring 57 73 97 70 eller send epost til kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no.

Nyttige lenkjer for konfirmantar med foreldre

Søndag 1. juni kl.19.30 er det gudsteneste i Dale kyrkje med innskriving av 2015-konfirmantane . Ungdomskoret deltek og vi tek opp offer til Alværa misjonssenter i Lavik. Gudstenesta er sjølvsagt ope for alle. :)

Alle i 2000-kullet skal ha fått innbyding i posten, men om du ikkje finn brevet nett no, kan du laste ned her:
påmeldingsskjema
avtale mellom prest og konfirmant
Informasjonsbrev

Enten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet – på godt og vondt. Samstundes får du oppleve mykje nytt.

Meir informasjon om konfirmasjon i Den norske kyrkje kan du finne her: www.konfirmant.no

Lysmesser i Guddal og Hellevik søndag 9. desember

Hei gode Fjalerfolk!

Då gudstenestelista i Firda i dag blei fullstendig feil, tek eg med gudstenestene her:

Søndag 9. desember blir det
Lysmesse i Guddal kyrkje kl.16.00
Familiekoret, konfirmanten og skuleelevar deltek. Utdeling av 4-årsbok. Kyrkjekaffi. Kyrkjeskyss om ønskjeleg. Offer til Søndagsskulen S&Fj og Laurdagsklubben i Guddal.

Også
Lysmesse i Hellevik bedehuskapell kl.19.00
Do Re Mi og konfirmantane deltek. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Det er IKKJE gudsteneste i Dale.

Vel møtt!

Kyrkja i Fjaler på Origo