Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord kyrkjeval

Kyrkjevalet kort forklart

Valdagane er søndag 13. og mandag 14. september

Førehandsrøysting
Måndag 10. august – fredag 11. september 2015
Fjaler kyrkjekontor, Dalehuset (ved kyrkja) 6963 Dale: måndag til fredag kl.09.00 – 14.00
(Frist for førehandsrøysting i anna sokn enn der ein bur er 1. september.)
Tysdag 8. september
Fjaler sjukeheim, 6963 Dale, kl.17.00 – 18.00.

På valdagane
Søndag 13. september
DINGEMOEN stemmekrets: kl.16.00-19.00, Fjaler bibliotek, Dale i Sunnfjord

Måndag 14. september
BAKKEBØ stemmekrets:
kl.12.00-18.00, Straumsnes Grendahus
DINGEMOEN stemmekrets:
kl. 09.00-20.00, Fjaler bibliotek, Dale i Sunnfjord
FLEKKE stemmekrets:
kl.12.00-18.00, Flekke skule
GUDDAL stemmekrets:
kl.12.00-18.00, Guddal skule
HELLEVIK stemmekrets:
kl.12.00-18.00, Hellevik barnehage
VÅGE stemmekrets:
kl.12.:00-18.00, Våge skule
(same tid og i same bygg som kommunestyre- og fylkestingsvalet).

To val:
1. Sokneråd – lokalt kyrkjestyre
2. Bispedømeråd og Kyrkjemøtet – regionalt og nasjonalt

Sokneråd i kvart sokn: 4-10 medlemmer + sokneprest. Valt for 4 år. Ansvar for kyrkjelydsbyggjande arbeid.
Kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune = representantar frå sokneråda, sokneprest el. prost, og ein oppnemnt av kommunestyret. Har arbeidsgjevaransvar, økonomi, forvalting av kyrkjer og kyrkjegardar.
Der det berre er eitt sokn i kommunen, fungerer soknerådet også som fellesråd.

Bispedømmerådet leiar arbeidet i bispedømet saman med biskopen, tilset prestar, fordeler midlar til kyrkjelydane. Alle medlemer av bispedømmerådet er delegater til Kyrkjemøtet.
Kyrkjemøtet er kyrkja sitt Storting. Fastset t.d. liturgi, gjennomfører reformer og tar viktige vegval.

Viktige saker for Kyrkjemøtet i komande valperiode:

  • Fullføring av skiljet mellom stat og kyrkje.
  • Ny behandling av saka om kyrkjeleg vigsel av likekjønna.

Kven kan røyste?
Alle medlemmer i Den norske kyrkja født før 31.12.2000.
Desse får tilsendt valkort med informasjon om tid og stad for valet, samt oversikt over kandidatane.

Ta kontakt med lokalt kyrkjekontor før 01.09.15:

  • Om du ikkje får valkort men er medlem av DNK.
  • Om du får valkort men veit at du IKKJE er medlem av DNK (du er ikkje døypt eller du har meldt deg ut).
  • Om du vil melde deg inn i kyrkja før valet.

Manntal
Du kan undersøkje om du står i manntalet på kyrkjekontoret frå 10.august til 1. september. Det er berre høve til å kontrollere opplysningane om ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå.

Røysting

  • Ein kan levere lista utan endringar.
  • Ein kan gje tilleggsrøyst til inntil 3 personar.
  • I soknerådsvalet kan ein føre opp namnet på inntil 3 personar.
  • Det er ikkje høve til å stryke.

Men eg kjenner ingen av kandidatane!
Ein finn informasjon om alle som stiller til val på www.kirken.no og i kyrkjebladet.
Kandidatane til Fjaler sokneråd
Kandidatane til Bjørgvin bispedømeråd (klikk på kvart namn for meir informasjon)
Vi har no fått brosjyre med fyldig informasjon om kandidatane til bispedømerådet/kyrkjemøtet. Kan hentast på kyrkjekontoret.

Åpen Folkekirke og Levende Folkekirke
Det har vore mykje mediamerksemd rundt saka om likekjønna ekteskap. Ved førre bispedømerådsval var det mange som meinte at det var vanskeleg å vite kva kandidatane stod for. For å gjere dette meir synleg har to interessegrupper, Åpen Folkekirke og Levende Folkekirke vurdert å stille lister til valet. Til slutt blei det slik at Åpen Folkekirke stiller lister i dei fleste bispedøme, mens Levende Folkekirke anbefaler utvalde kandidatar frå nominasjonskomiteen si liste.
I Bjørgvin er det berre ei liste til bispedømerådsvalet fordi også Åpen Folkekirke har valt å anbefale kandidatar frå nominasjonskomiteen si liste. Anbefalingane til begge organisasjonane finn du på nettsidene deira.

Vi skapar framtidas kyrkje

VALKORT
I byrjinga av august vert det sendt ut valkort til alle røysteføre medlemar i Den norske kyrkja. Valkorta vert distribuerte i hovudsak i veke 31, og vil nå medlemane før førehandsrøystinga tek til måndag 10. august. På valkortet vil ein finne informasjon om tid og stad for valet, samt oversikt over kandidatane til både soknerådsval og val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskare dersom du tek det med.

  • Om du IKKJE får valkort men er medlem av DNK, gje beskjed til kyrkjekontoret slik at vi kan føre deg inn i manntalslista.
  • Om du får valkort men veit at du IKKJE er medlem av DNK (du er ikkje døypt eller du har meldt deg ut tidlegare), kan du returnere valkortet eller ta kontakt med kyrkjekontoret slik at vi kan korrigere feilen. Både du og vi er tent med at slike feil blir retta opp.
  • Om du tidlegare har meldt deg ut av DNK men vil melde deg inn att, ta kontakt med kyrkjekontoret der du er registrert i folkeregisteret. Du rekk å røyste i kyrkjevalet viss du melder deg inn no.

MANNTAL
Du kan undersøkje om du står i manntalet på kyrkjekontoret frå 10.august til 1. september. Det er berre høve til å kontrollere opplysningane som angår ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå.

FØREHANDSRØYSTING
Måndag 10. august – fredag 11. september 2015
Fjaler kyrkjekontor, Dalehuset (ved kyrkja) 6963 Dale: måndag til fredag kl.09.00 – 14.00
Tysdag 8. september
Fjaler sjukeheim, 6963 Dale, kl.17.00 – 18.00.

Vi skapar framtidas kyrkje! Godt kyrkjeval!

(Frist for førehandsrøysting i anna sokn enn der ein bur er 1. september.)

Kyrkjevalet 2011: Spørsmål og svar ved valkortutsending

Utsendinga av valkorta til alle med røysterett skjer i perioden 2.-10. august.
Perioden for førehandsrøysting tek til 10. august.
Valkorta vert sendt til alle som sto oppført i Den norske kyrkja sitt medlemsregister i mai.

Formålet med valkortutsendinga:
Valkortutsendinga skal gje medlemmene kunnskap om at det er val, og at den enkelte medlemmen har røysterett. Utsendinga skal òg informere om tid og stad for valet. Utsendinga skal engasjere medlemmene slik at dei vert meir medvitne om kyrkja si rolle i deira eige liv.

Har du fått valkort, men er ikkje medlem?
Er du døypt? I så fall er du medlem, om du ikkje har meldt deg ut.
Er du ikkje døypt? Då er du ikkje medlem. Gje beskjed til kyrkekontoret der du bur og medlemsstatusen din blir korrigert.

Kvifor vert det eigentleg arrangert eit kyrkjeval?
Kyrkjelydane har arrangert val til sokneråd sidan 1920. I 2009 fekk røysteføre kyrkjemedlemmer for første gongen òg høve til å røyste på kven som skal inn i bispedømeråda som samla utgjer Kyrkjemøtet. Bakgrunnen for kyrkjevala er at kyrkja sine styrande organ skal ha demokratisk basis og legitimitet. Den folkevalde rådsstrukturen skal fungere saman med biskopars og prestars leiaransvar.

Dette med valkort, er det noko nytt?
Som eit nasjonalt tiltak er dette nytt, ja. Eit samla storting ønsker å løyse opp banda mellom stat og kyrkje. Kyrkja fått tildelt midlar over Statsbudsjettet for å styrke interessa for kyrkjevala 2009 og 2011. Mellom anna vert det sendt det ut valkort til alle medlemmer over 15 år, der dei får informasjon om soknerådsvalet og bispedømmerådsvalet.

Kvifor får eg valkort, eg som ikkje er konfirmert eingong og aldri er i kyrkja?
Dersom du er døypt, er du medlem i Den norske kyrkja, uavhengig av konfirmasjon og deltaking elles. Som medlem har du høve og rett til å vere med og bestemme korleis kyrkja di skal vere.

Må eg ha med valkortet for å røyste på valdagen eller ved førehandsrøysting?
Det er ikkje nødvendig, men lurt å ta med valkortet dersom du skal førehandsrøyste. Dette gjer gjennomføringa enklare for valmedarbeidarane. Ta uansett med legitimasjon når du skal røyste, på valdagen eller på førehand.

Eg kjenner ikkje kandidatane, kvar finn eg meir informasjon?
På www.kyrkjevalet.no kan du klikke deg fram til rett kyrkjelyd eller bispedømme og finne informasjon om dei enkelte kandidatane. Mange av bispedømmerådskandidatane finn du på Facebook, der dei er samla på profilen til Kyrkjevalet, kalla ”Kyrkjevalet 2011”. Kyrkjebladet kjem snart med presentasjon av kandidatane.

Eg er ikkje heime på valdagen, men vil gjerne røyste denne dagen. Kan eg levere inn røystesetelen til sokneråd mitt sjølv om eg på valdagen er i vallokalet i eit anna sokn?
Nei, det er ikkje mogleg. Du kan røyste i ein annan valkrins, men i ditt eige sokn. Då tilrår vi førehandsrøysting.

Når og kvar kan ein førehandsrøyste?
Førehandsrøystinga i Fjaler sokn skjer på kyrkjekontoret frå onsdag 10. august til og med 9. september, mandag-fredag kl.10.00-14.00 eller etter avtale. Alle kyrkjekontor kan skrive ut røystesetlar frå heile landet. Alle røystesetlane er òg tilgjengelege for nedlasting frå internett www.kyrkjevalet.no, slik at den som skal førehandsrøyste, sjølv kan skrive ut røystesetelen og levere han på kva kyrkjekontor som helst. Fredag 2. september er siste dato dersom du førehandsrøystar i eit anna sokn enn der du er busett. Bebuarane på Fjaler sjukeheimen kan førehandsrøyste der torsdag 8. september kl.16.00-17.00.

Dersom eg førehandsrøyster, men ombestemmer meg, kan eg røyste på nytt på valdagen?
Nei, det kan du dessverre ikkje. (Dette er nytt samanlikna med førre val.)

Kva skjer med førehandsrøystene?
Ved førehandsrøysting skal det ikkje kryssast av i manntalet. Røystesetelen vert lagd i ein konvolutt som deretter vert lagd i ein omslagskonvolutt der valkortet vert limt på utsida. Deretter vert han send til rette valstyre. Ein som har førehandsrøysta, kan ikkje røyste på nytt på valdagen. Før valtinget må valstyret krysse av i manntalet for dei som har røysta på førehand. Ved kontroll og klargjering for oppteljing skal førehandsrøystene opnast og blandast med røystesetlane frå valtinget. Dette må skje før sjølve oppteljinga tek til.

Skal ein kunne førehandsrøyste ved bispedømmerådsval?
Ja – ved direkte val av leke medlemmer (same tid og same stad som soknerådsvalet).

Kan ein røyste i eit anna sokn enn der ein bur?
Det er mogleg for soknerådet her å søkje biskopen om enkeltmedlemmer kan nytte røysteretten i eit anna sokn (kyrkjelova § 4). Praktiseringa av dette regelverket er nokså restriktiv, og ein må søkje i god tid før valet. (frist sett av biskopen)

Eg fyller 15 år etter valdagen, kan eg likevel røyste?
Alle medlemmer i Den norske kyrkja som fyller 15 år i 2011, kan røyste ved begge vala.

Eg er medlem i Svenska kyrkan (eller ei anna kyrkje vi har samarbeid med), kan eg røyste ved Kyrkjevalet?
Nei, dersom du er medlem i Svenska kyrkan i Noreg, kan du ikkje røyste ved Kyrkjevalet. Du kan vere medlem i berre eitt trussamfunn i Noreg (pga. statleg støtte til trussamfunn, ingen borgarar skal kunne sørgje for statsstøtte til fleire trussamfunn) og må derfor melde deg ut av det andre trussamfunnet før du melder deg inn i Den norske kyrkja. Det må du i så fall gjere innan 1. september.

Eg har fått valkortet, men her er noko feil (oppsiktsvekkjande få kandidatar, feil sokn e.l.). Kva gjer eg?
Du kan få korrekt informasjon om valet frå kyrkjekontoret. Vi greier ikkje å sende ut nye valkort no, men hugs legitimasjon på valdagen.

Om medlemskap og utmelding
Eg er ikkje døypt og altså ikkje medlem i Den norske kyrkja, kvifor får eg valkort?
Bakgrunnen for at du får valkort, er at du står i medlemsregisteret vårt. Her kan det vere feil. Feil i medlemsregisteret rettar vi opp for deg her og no.

Du snakkar om å rette opp, eg vil melde meg ut av kyrkja!
Når det er ein feil at du står oppført, anten fordi du aldri har vore medlem, eller fordi du har meldt deg ut, er det ikkje nødvendig med ny utmelding, dette er ei retting av ein feil i registeret. Dersom du er medlem og vil melde deg ut, må du følgje ein prosedyre som er fastlagd i Kyrkjelova. Du må da melde deg ut skriftleg. Du kan anten komme innom kyrkjekontoret og ordne det, eller du kan sende oss eit signert utmeldingsskjema. Skjema finn du på www.kyrkja.no/medlem. (Vil du melde deg inn i kyrkja, ta kontakt med kyrkjekontoret der du bur. Det skjer ved personleg frammøte. Ta med dåpsattesten viss du har den.)

Kvifor kan ikkje du melde meg ut her og no på telefon?
Det følgjer av kyrkjelova – utmelding kan berre skje ved at du vender deg til det lokale kyrkjekontoret. Utmelding kan skje skriftleg eller ved personleg frammøte (jf. § 3 i kyrkjelova). Ved utmelding må du gje opp fødsels- og personnummer.

Eg sa frå til dykk i 2009 om at eg ikkje var medlem – kvifor får eg dette igjen?
Vi må beklage dette, vi forstår at du er opprørt, og feilen kan liggje hos Kyrkjerådet. Men er du heilt sikker på at du sende valkortet i retur sist, med avkryssing og signatur? Kyrkjerådet har fått valkort i retur heilt fram til langt uti 2011, signerte og daterte i 2009. Om mogleg, sjekk om du sende inn alt, med ein intakt strekkode (mykje som kom inn, var ikkje leseleg). Men om du har gjort alt dette korrekt, må vi berre beklage, det kan ha vore ein glipp hos oss.

Eg skal ikkje stå i registeret, og det skal ikkje barna mine heller.^
Dersom verken far eller mor er medlemmer, skal heller ikkje udøypte barn stå registrert som tilhøyrande i registeret. Slike feil rettast med ein gong. Dersom barnet er døypt, må det meldast ut på vanleg måte, med skjema som vert levert eller sendt oss. Skjema finn du på www.kyrkja.no/medlem.

Korleis kan eg vite at de får det til i år?
Medlemsregisteret i Den norske kyrkja er eit stort register som vi har all interesse av å ha i orden. No rettar vi opp feil over telefon, vi ordnar opp i medlemsregisteret her og no, og du er ute av medlemsregisteret vårt til du sjølv skulle ønskje noko anna. Vi har alt å tene på å ha eit mest mogleg korrekt register. Den norske kyrkja mottar ikkje pengar etter medlemstalet. Utgangspunktet for statlege og kommunale overføringar til kyrkja er storleiken på dei forvaltningsoppgåvene kyrkja i landet. Likeverdig offentleg støtte til andre trus- og livssynssamfunn vert utbetalt etter medlemstal på grunnlag av kor mykje den offentlege støtta til Den norske kyrkja vert utrekna til per medlem i Den norske kyrkja.

Eg har ikkje fått valkort, men er døypt og medlem – kva gjer vi?
Vi rettar det opp i medlemsregisteret no med det same. På valdagen treng du berre å ta med legitimasjon for å få røyste. Meir informasjon om kandidatane og tid og stad finn du på kyrkjevalet.no, eller i kyrkjebladet.

Om valet i 2009
I 2009 kunne ein returnere valkortet, kva vart resultatet av dette?
Vi har grunn til å tru at dei fleste feila vart retta opp sist, ca. 25 000 rettingar vart gjorde i 2009, vi fekk mykje mediedekning i 2009, og vi trur mange fekk med seg at valkortet kunne returnerast for feilretting. Men vi treng framleis hjelp til å rydde opp i registeret, som vi veit inneheld feilkjelder.

Har du fleire spørsmål, ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret. :)