Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord lys

LYS I GAMLE HUS 2016

KULTURFESTIVAL for små og store // Laurdag 5.mars.

LYS I GAMLE HUS byr på kultur, kunst og karneval ved Tusenårsstaden i Dale. Frå kl.16:30 sprakar det av liv og lys i alle dei historiske husa – vi sjåast der!

Arrangør: Fjaler kommune og Jakob Sande-selskapet

Klikk på biletet for stort program:

Kjøp billettar til Slampoesi med Fredrik Høyer her

Kjøp billettar til konsert med Fliflet/Hamre her

1. sundag i advent i Dale

Velkomen til 1. sundag i advent i Dale!

Julemessa
Det er mykje som skjer på denne dagen i Dale: Du er velkomen til triveleg julemesse på Fjaler sjukeheim som opnar kl 14.00 med loddsal, messesal med fine julegåver, åresal og sal av kaffi og kaker. Sjå så mykje fint som flittige hender har laga til messa! (alle foto: Bjørg Yndestad) Nytt dette høvet til å besøke slekt og vener og treffe kjenningar!
Arrangør er Støttelaget for sjukeheimen

Biletserie med 21 bilete — bla med å trykkje på pilene

Julegrantenning
Mellom kl. 17.30 til 18.30 er du velkomen til den årlege julegrantenninga i Parken i Dalstunet. Her vil Dale musikkorps spele og vi vil synge julesongar. Og ikkje nok med det, UK-ordførar Astrid Ardagh frå UWC held førjulsappell, det vert program ved 5. årssteg ved Dingemoen skule, sal av varm drikke og noko godt å ete ved 9.årssteg ved Fjaler ungdomsskule. Og så har vi høyrt at nissane kjem på førjulstur til Dale! Og rundt julegrana går vi, så kom og ver med!
Grana vert tent kl 18.00 ved ein elev frå Dingemoen skule.
Arrangør er Butikknemnda i Dale i samarbeid med Dale musikkorps, elevar og foreldre og Frivilligsentralen

Lysmesse
Kl 19.00 er det Lysmesse i Dale kyrkje med konfirmantane, barnekoret og 4. årssteg frå Dingemoen skule. Arrangør er Kyrkja i Fjaler

Velkomen til 1. sundag i advent i Dale!

Lys i gamle hus 2013 i Dale

For tredje gong arrangerer vi Lys i gamle hus i Fjaler. Arrangementet har i år både lokale, regionale og internasjonale namn på plakaten.

_Lys i gamle hus _ *har vakse fram frå ein spontan idè om å syne fram kunst og kultur og lyse opp i dei gamle husa på Tusenårsstaden som ligg midt i Dale. _Lys i gamle hus _*har utvikla seg til ein særeigen utstillings- og møteplass mellom kunstnarar og bygda og tilreisande. Laurdag 16. februar skjer det spennande saker både i Badet, gamleskulen, gamle kommunehuset i to høgder og endå meir i Løa og Bestefarsstaua i Jakob Sande-tunet.

Her er smakebitar frå programmet: Dei minste kan vere med på Karnevalsdisko i Badet og sende opp lysballongar og etterpå ute i tusenårsparken. I Studio Nova (1. høgda i gamle kommunehuset) serverer Frank god mat som han har laga og Go Bananas held konsert.
Thea Hjelmeland held konserten sin i Løa seinare på kvelden. Thea vil også gjera ein performance saman med Vilde Jensen Hjetland. Nordisk kunstnarsenter på Dalsåsen stiller med alle sine 6 kunstnarar og dei fyller gamleskulen med utstilling og to videoprojeksjonar oppe i Løa.

Av lokale krefter vil Torkil Sandsund prøve ut eit nytt prosjekt med lyd og lys – der alle vert invitert til å vera med og prøve. Lillian Samdal les opp tekstar. Karina Siegmund, Jan Brauer og David Zadig stiller fram sine kunstverk. Sidan vi er i tunet der Jakob Sande var fødd vil vi i år trekkje fram tre av novellene hans som Kjellaug Bjergene vil lese og Sturle Sandvik gler seg til å spele gitar og på lutten til Jakob Sande. Kvelden vert avslutta med ein konsert med irsk, amerikansk og norsk folkemusikk i Løa. Det vert høg stemning i tunet til Jakob Sande heile kvelden!

Ute i parken skal skulpturen “Time Bank” til franske Mari og Chriostophe lyssettast, det vert bålbrenning og lysleik. Og i Løa er det sal av suppe, godt brød og bar.

Det er fritt tilgjenge i alle hus frå kl 17-01! Detaljar i programmet finn du på kalender og Nyhende på www.fjaler.kommune.no

Arrangør er Fjaler kulturkontor og Jakob Sande-selskapet med støtte frå bulystprosjektet Preform.

Det lyser i gamle hus på Tusenårstaden i Fjaler

I dag er dagen då det skal lyse og røre seg i alle hus og rom på Tusenårsstaden midt i Dale! Kom og sjå! Det opnar 17.00 og går fram heilt til 01.00 i natt – om du vil. I denne tida kan du velje ut det du ønskjer, eller ta alt! Fram til 21.00 byr kunstnarane Karina Siegmund, David Zadig, Anne Lise Stenseth, Ivar Orvedal, Hildegunn Øiseth, Steingrimur Eyfhjord, Laufey Eliasdottir på spanande opplevingar i “Fjalertunet” (gml skulehus og kommunehus og løa) både inne og ute, konsert i skulehuset 19.00, mat kan du kjøpe i Badet og Studio Nova, der kan du sjå kulturminnefilmar, i løa jekteverkstad, i Bestefarstaua vintermarknad og Sturle Sandvik spelar der 18.00. Frå 21.00 er det kulturkveld i løa med spontane og førebudde innslag. Skjenkeløyve for øl og vin, sal av forfriskningar. Aldersgrense 18 år.
I dag er dagen då det skal lyse og røre seg i alle hus og rom på Tusenårsstaden midt i Dale! Kom og sjå! Det opnar 17.00 og går fram heilt til 01.00 i natt – om du vil. I denne tida kan du velje ut det du ønskjer, eller ta alt! Fram til 21.00 byr kunstnarane på spanande opplevingar i “Fjalertunet” (gml skulehus og kommunehus og løa) både inne og ute, konsert kl 19.00, mat kan du kjøpe i Badet og Studio Nova, der kan du sjå kulturminnefilmar, i løa er det jekteverkstad, i Bestefarstaua vintermarknad og Sturle Sandvik spelar der 18.00. Frå 21.00 er det kulturkveld i løa med spontane og førebudde innslag. Skjenkeløyve for øl og vin, sal av forfriskningar. Aldersgrense 18 år.
sjå facebook.com og fjaler.kommune.no