Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord megger

Meggefilmkavalkade - stem på dine favorittar!

Meggene feirer 10-årsjubileum i år, og inviterer deg til å vere med å bestemme delar av innhaldet i årets jubileumsrevy! På Facebook-sida vår Megger i Medvind har vi lagt ut ein filmsnutt-kavalkade av 26 tidlegare Meggesketsjar, som du kan vere med å stemme fram som ønskereprise i årets revy. For å stemme må du like facebooksida vår Megger i Medvind, og så like dei statusane som representerer dine favorittnummer. Avstemminga pågår fram til sundag 30.september kl.22.00!
(Er du ikkje på facebook kan du stemme skriftleg ved å sende ein mail til MeggeLinda; linda.hovland@gmail.com).

http://vimeo.com/50166474

Meggene slår til med ekstraframsyning 2.juledag

Fantastiske meldingar og fulle hus gjer at Meggene gler seg til å stå på scena att 2.juledag. Om du var ein av dei som ikkje fekk billett i forrige runde har du sjansen no.

Det finnest knapt ei betre julegåve til heimvendte julegjester og vener. Dale bok & papir sel billettar.

Meggene lovar fullt trøkk, gjensyn med kjende figurar, latter, moro og litt oppjustering av nye aktuelle politiske krumspring.

Du kan rett og slett ikkje gå glipp av MEGGER I MEDVINDSPREKE MEN IKKJE FANATISKE! 2. juledag kl. 19.00 i Trudvang

Sjå og høyr Firdameldar og NRKmeldar sine ord om revyen

Megger i vinden med typespel i toppklasse

Uhøgtidelig galskap-og litt alvor