Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord musikk

Taizékveld i Dale kyrkje søndag 9. mars kl.19.30

Det er nokre år sidan sist vi hadde Taizékveld i Dale, men no på søndag kan du vere med Cantus og musikarar frå United World College, kantor Mark og sokneprest Lilja Kristin, og oppleve denne stemningsfulle musikkgudsteneste.

Musikken frå Taizé er vakker og roleg, prega av 4-stemt korsong, instrumentale stemmer og solistvers. Korsongarar er spesielt invitert til denne annleis songgudstenesta. Allsongane syng vi fleirstemt – notane står i Norsk Salmebok 2013. Det kan bli ei mektig oppleving.

Åge Haavik skriv det følgjande om Taizé salmane:

Gjennom hele kirkens historie har det vært slik at sterke åndelige bevegelser skaper sang. Slik er det også med det klosterlignende økumeniske fellesskapet i Taizé i Frankrike. Hvert år reiser tusenvis av mennesker, de fleste ungdom under 30 år, til denne lille landsbyen for å delta i undervisning og gudstjenesteliv i den eiendommelige kirken. De fleste bor i en kjempemessig teltleir på området.

Noe av det som gjør sterkest inntrykk, er den særegne sangen i gudstjenestene. Slik vi kjenner Taizé-sangen i dag, er den formet av den franske kirkemusikeren og komponisten Jacques Berthier (1923-94). Korte utsagn fra den kirkelige tradisjon eller fra Bibelen, på latin eller et eller flere av verdensspråkene, ikles enkle og velklingende melodier, som oftest med firstemmig sats. Dette gjør at sangen i gudstjenestene i Taizé alltid lyder flerstemmig, og korsatsene er konsipert slik at det ikke gjør så mye at cantus firmus synges av både dame- og herrestemmer.

Det andre særpreget ved Taizé-sangen er alle gjentakelsene. Poenget med dette er egentlig ikke å «gjenta», men at sangen er meditasjon og ofte også har en ledsagende funksjon, for eksempel sammen med bønn.

Vel møtt til ein stemningsfull kveld med mykje fin musikk!

Lys i gamle hus 2013 i Dale

For tredje gong arrangerer vi Lys i gamle hus i Fjaler. Arrangementet har i år både lokale, regionale og internasjonale namn på plakaten.

_Lys i gamle hus _ *har vakse fram frå ein spontan idè om å syne fram kunst og kultur og lyse opp i dei gamle husa på Tusenårsstaden som ligg midt i Dale. _Lys i gamle hus _*har utvikla seg til ein særeigen utstillings- og møteplass mellom kunstnarar og bygda og tilreisande. Laurdag 16. februar skjer det spennande saker både i Badet, gamleskulen, gamle kommunehuset i to høgder og endå meir i Løa og Bestefarsstaua i Jakob Sande-tunet.

Her er smakebitar frå programmet: Dei minste kan vere med på Karnevalsdisko i Badet og sende opp lysballongar og etterpå ute i tusenårsparken. I Studio Nova (1. høgda i gamle kommunehuset) serverer Frank god mat som han har laga og Go Bananas held konsert.
Thea Hjelmeland held konserten sin i Løa seinare på kvelden. Thea vil også gjera ein performance saman med Vilde Jensen Hjetland. Nordisk kunstnarsenter på Dalsåsen stiller med alle sine 6 kunstnarar og dei fyller gamleskulen med utstilling og to videoprojeksjonar oppe i Løa.

Av lokale krefter vil Torkil Sandsund prøve ut eit nytt prosjekt med lyd og lys – der alle vert invitert til å vera med og prøve. Lillian Samdal les opp tekstar. Karina Siegmund, Jan Brauer og David Zadig stiller fram sine kunstverk. Sidan vi er i tunet der Jakob Sande var fødd vil vi i år trekkje fram tre av novellene hans som Kjellaug Bjergene vil lese og Sturle Sandvik gler seg til å spele gitar og på lutten til Jakob Sande. Kvelden vert avslutta med ein konsert med irsk, amerikansk og norsk folkemusikk i Løa. Det vert høg stemning i tunet til Jakob Sande heile kvelden!

Ute i parken skal skulpturen “Time Bank” til franske Mari og Chriostophe lyssettast, det vert bålbrenning og lysleik. Og i Løa er det sal av suppe, godt brød og bar.

Det er fritt tilgjenge i alle hus frå kl 17-01! Detaljar i programmet finn du på kalender og Nyhende på www.fjaler.kommune.no

Arrangør er Fjaler kulturkontor og Jakob Sande-selskapet med støtte frå bulystprosjektet Preform.

GATEFESTEN 2012

Den tradisjonsrike Gatefesten i Dale er i år flytta ned på kaia framfor Fossen Bryggeripub.
Dagen for Dalsfjordens største fest i 2012 er lørdag 11. August.
Portene åpner klokka 21.00. Prisen for å komme inn er som i fjor, kr.250,- før kl.23.00 og kr.350,- etter klokka 23.00.
ROMA som vart publikumsfavorittene i fjor, stiller på nytt i år. Her veit ein ka ein får- og eg trur vi kan garantere at dansefoten din skal få noko å jobbe med her.
Nytt band i år er SUNDAY MORNING frå Askvoll som består av 5 rutinerte musikare frå nordsida av fjorden. Det er:
Odin Hestholm – Trommer og vokal
Odvar Espedal – Bass og Vokal
Øyvind Selvik – Gitar og Vokal
Erling Paul Eikemo – Gitar, Mandolin og Vokal
Einar Alsaker – Vokal, Gitar og munnspill
I tillegg har dei med seg Richard Herland som lydteknikar
Dei spelar mykje musikk frå 70-talet, og hevdar sjølve at dei er påverka av The Rolling Stones.
Vi kan iallefall love deg ein heidundrandes fest på kaia i Dale neste lørdag.
Velkomen alle som er glade i ein god musikkfest.

Orgelkonsert - "ei musikalsk reise gjennom Europa"

Etter populært ønskje blir det også i år orgelkonsert i Dale kyrkje med kantor Mark Taylor. Det blir ei musikalsk reise gjennom Europa med orgelmusikk frå mange europeiske land. Du får høyre verk av dei store komponistane som Debussy, Mozart og Bach, samt Noreg sin eigen Ludvig Lindeman (komponisten av «Påskemorgen» og «No livnar det i lundar» som grunnla Norges Musikkhøgskolen). Vi markerer 200-årsjubileum for Lindeman i år. Kollekten går til Landsbyutvikling i Mali.

Vel møtt i Dale kyrkje, onsdag 23. mai kl.19.30!

70-talsmusikk og gode historier på Transplant i kveld

Eg er sikker på at sofaen din ber om ørlite fri til å få luft i putene og restitusjon frå ein lang vinter med hardt arbeid!

Du kan kose deg på Transplant med musikk frå 70-talet, namn som Joni Mitchell, Little Feat og Fleetwood Mac burde vere nok i massevis til å ta turen ut. Når bandet “Free man in Paris” i tillegg lovar humoristiske og utfyllande historier så bør du vere ovetydd om å gje sofaen fri.

I bandet er:
Laila Beathe Førde – Vokal & Saksofoner
Elisabeth Solbakken – Vokal
Einar Nesbakk – Vokal & Gitarer
Arve Solbakken – Bass
Eilif Vaardal – Gitar
Ole Matin Frimannslund – Tromme
- altså, røynde musikarar frå ulike orkester i Sunnfjord.

Ja, det skjer i Fjaler i kveld og om du ynskjer at det skal halde fram med å skje kjekke ting så ……. ja du veit kva som må til: Di deltaking!

Pop. Hippiejenter. Musikk. Fure og Våge songlag øver til 17. mai.

2010.05. 12. Mai. 058

I Våge krins har dei tradisjon for program på 17. mai. Dei har hatt skodespel og revyar. No er det Fure og Våge songlag som har ansvaret i år. I grendahuset på Grytøyra møter ein flokk korsongarar til øving. Dei har program som skal framførast 17. mai klokka 20.00, og generalprøve 15. mai kl 19.00.

Musikken har dei nok øvd på i vinter. No er det snart før-premiere. Dei må finne fram kostymer. Dei må øve på nokre dansar. Dei må planlegge regi. Kven seier kva og korleis. Før øvinga blir det samla gruppemøte der Margrethe Risnes går gjennom planane.

“Dei har sett saman eit program med mange kjende pop – og slagermelodiar frå tidsperioden 1960 – 1990.
Publikum vil få servert eit breitt spekter av populære melodiar der dei vil kjenne igjen både tekst og melodi.
I orkesteret vårt har vi med oss Torodd Fagerheim på trekkspel, Jan G. Baug på gitar og Egil Furenes på fiolin.
Nokre av melodiane vert framført av kjende solistar som publikum heilt sikkert vil kjenne igjen, så møt fram.
Dirigent er Hermod Espe”, fortel Jofred Åsnes.

Desse er med i Fure og Våge songlag:
Hildur Folkestad, Møyfrid Kvangarsnes, Solfrid Lone, Margrethe Risnes, Markvard Eikerol, Arve Fretland, Olai Furset, Magne Sørdal, Rannveig Bakkebø, Marit Haugen Gjervik, Klara Midtbø, Oddny Prestøy, Judith Våge, Marie Aasnes, Anne Karin Eiken, John Fristad, Konrad Furseth. Jofred Åsnes, Kristen Holt og dirigent er Hermod Espe.

Her er programmet som du vil få høyre:

Hei Knut
Can’t help falling in love
Min älskling
Allsong
Där björkorna susa
Summer Wine, solistar: Anne Karin Eiken, Kristen Holt
Have you ever seen the rain
Apache, gitar: Jan G. Baug
Tango for to
Love me tender, solist: Arve Fretland
Lovers lane
Allsong, Sjømann
Singel og sand
Billy Bryants café
Whiskey in the jar, fiolin: Egil Furenes
Lycliga gatan
Tears in heaven, solist: Kristen Holt
Bye, bye love.

Torodd Fagerheim, trekkspel
Jan G. Baug, gitar
Egil Furenes, fiolin
Hermod Espe, dirigent
Arve Fretland, Anne Karin Eiken, Kristen Holt, solistar

13.05.2010
Asbjørn Eikerol

2010.05. 12. Mai. 006 — Og hippiejentene kom.
Litt meir modne enn på 60-talet. Men dei har teke vare på perler og stas.

2010.05. 12. Mai. 007 — Elvis var på plass. Tjukk og fyldig hårvekst. Ikkje eitt grått hår å sjå.
“Men kor mange knappar skal eg knappe opp, ned til navlen”?

2010.05. 12. Mai. 009 — Ja, vi har notar med også.

2010.05. 12. Mai. 012 — Maria er heilt klar til å danse.

2010.05. 12. Mai. 013 — Men først må her bli gruppemøte og plan.

2010.05. 12. Mai. 017 — Konrad Furset klør seg litt skeptisk i skjegget. Men her er det berre å notere.

2010.05. 12. Mai. 018 — Margrethe Risnes, i rødt ved enden av bordet, forklarer om regi.

2010.05. 12. Mai. 020 — “Me og so papen”. Kven skal vere papen og kven skal vere me?

2010.05. 12. Mai. 024 — Her må vi notere.

2010.05. 12. Mai. 025 — Somme prøver seg opp på scena.

2010.05. 12. Mai. 028 — Her må vi organisere litt.

2010.05. 12. Mai. 029 — Jan Baug og Kristen Holt får tid til litt ekstra øving.

2010.05. 12. Mai. 031 — Dirigenten, Hermod Espe, blar i sine papir. Trioen i orkesteret i bakgrunnen.

2010.05. 12. Mai. 034 — Og slik kan vi marsjere inn på scena?

2010.05. 12. Mai. 038 — Her er vi på plass.

2010.05. 12. Mai. 041 — Musikantane er her. Frå v. Egil Furenes, Torodd Fagerheim og Jan G Baug.

2010.05. 12. Mai. 043 — Vi øver.

2010.05. 12. Mai. 044 — “Vakkert”, seier Hermod Espe.

2010.05. 12. Mai. 047 — Bassane syntest at dei kom mykje bak. “Vi må få komme i midten så folk ser oss”. Dei kom. Og bassane kom til sin rett.
Men sopranane sa at dei ikke høyrde seg sjølve lenger.

2010.05. 12. Mai. 049 — Litt dans. Her er det Møyfrid som dansar vals med Kristen.

2010.05. 12. Mai. 052 — Solistar.
Kristen Holt og Anne Karin Eiken.

2010.05. 12. Mai. 058 — Så kom han Gunnar på Mo, Markvard. Og Møyfrid fekk ta eit steg hit og eit steg dit.

2010.05. 12. Mai. 068 — Elvis, sjølvsagt. “Love me tender”. Arve Fretland.

Hugs Cabadraget i kveld......

Cabadraget

Vi har gleda av å kunne invitere deg og alle medarbeidarane dine til ein uforgløymeleg kveld
fredag 22.mai 2009.

Norges mest MUSIKALSKE foredrag?
Gjennom krise mot suksess…

”Cabadraget er en kickoff/motivasjons-happening, som gjennom de siste 10 år har utviklet en helt egen, original og musikalsk forteller stil. Fra Hydro til Trondheim Verft, fra helsevesen til borettsttslag, ingen går fra dette kickoffet uberørt.
Med alle de utfordringer arbeids og privatlivet gir er det godt å få en ny og frisk vinkling på de evige små og store spørsmål.”

CABADRAGET balanserer i skjæringspunktet mellom foredrag og cabaret. Det er ein musikalsk, energisk og humørfylt førestilling, av og med Oddvar Ruud og Arne Møller.

”Cabadraget, av ordene cabaret og foredrag, vil gjerne ta deg med til en verden litt annerledes der musikken råder, der optimisten gror og drømmen lever som noe nært og håndterlig der motgang prises og angst kan være tegn på utvikling der The Beatles har vært eksempliske ledestjerner der jorden er større enn Nordsjøen der du kan få inspirasjonen til å tørre å se verden litt annerledes Til en virkelighet som utfordrer virkeligheten vår!”
AVVIKLING UTVIKLING

Kulturhus i Fjaler

Ser i dagens Firda, 27/3, at Hans Stav lanserar forslag til ny plan for kulturhus i Fjaler. Det er flott at folk har idear og kjem med innspel, men eg saknar realisme og sunn fornuft. Vi har hatt ein debatt på grasrota i Fjaler om tankane om nytt kulturhus i bygda, og då konkluderte vi med at ungdomshuset Trudvang, med eit lita opprusting, ville dekke mange små behov. Fjalerhallen ville kunne fortsette som “Storstove” for dei større arrangementa, og på Haugland har vi også eit godt brukandes amfi / auditorium for konsertar og tilstellingar. Eg har tidlegare lansert ein ide for Hans Stav, og det var å nytte dei pengane som blei fristilt frå Fossedals-fondet til innkjøp av ei transportabel scene. Eg fekk aldri svar på den ideen, og i staden valde dei å nytte pengane til ulike konsulent prosjekt.
Den tanken lanserar eg på nytt her og no. Ei transportabel scene vil kunne dekke mange behov i bygda. Den vil kunne brukast både sentralt og ute i grendene, den kan nyttast inne i Fjalerhallen og den kan leigast ut til andre aktørar rundt i fylket.
Derfor, vær realistisk! Få på plass opprusting av Trudvang, gjennomfør den planlagte utbygginga av Fjalerhallen og kjøp ei transportabel scene. Dette vil gje eit løft for alle aktørar og komme alle brukarane til nytte. Ein ny kultursal vil vi ikkje ha råd til. Ta vare på det vi har og syt for gode rammevilkår for det. Ikkje gå med skylappar på inn i nye luftslott.

Ynskjer innspel i denne debatten.

• Robert Smith-Hald spelar på Transplant førtskommande lørdag. Har du tid så bør du få meg deg denne artisten. Han her vil vi få høre mer fra i tida framover. Stikkord: Bob Dylan :) • www.myspace.com