Då Gud heldt fest i Fjaler – Det kjende diktet til Jakob Sande rører ved hjarta til mang ein Fjalerbu.

Viser arkivet for stikkord trening

Takk til alle som bidro til realisering av Treningssenter i Fjalerhallen

Hei alle gode givare

Dale Idrettslag ynskjer å takke alle saman for den gode økonomiske støtta vi fekk til å få realisert draumen vår om treningssenter i Fjalerhallen.
Det kom inn totalt kronar firehundreogsekstitotusennihundreogfemti! – kr.462.950,-
EIT FANTASTISK RESULTAT!

Aktiviteten i treningsstudioet er veldig bra, masse “nye” brukare av hallen er kommet til, folk i alle aldre frå 17-70 nyttar det kvar dag, det er døgnope 7 dager i veka. Men fortsatt plass til mange fleire :)

Vi vil minne alle privatpersonar som har bidratt med minimum kr.2000,- i støtte, at dei ut året vil få kr.500,- i rabatt ved kjøp av årskort.

Alle kort gjelder frå dato til dato – dvs kjøper du årskort 15 desember i år, så gjeld det til 15 desember 2014.
Likeeins er det ved månadskort, kort kjøpt f.eks 21 desember gjeld til 21 januar.

Prisen for eit årskort er kr.2000,-
Prisen for eit månedskort er kr.300,-
Prisen for eit gjestekort / dagskort er kr.50,- (Hugs å notere på betaling kva dato du ynskjer trening)

Alle må kjøpe nøkkelkort / brikke til kr.150,-

Alle kjøp skjer på nettsida til Dale IL – www.daleil.no – Der kan du også sjå på kalendaren og finne ut når ulike aktiviteter skjer på anlegga.

Ved førstegongskjøp, så må du hente nøkkelkortet på Servicekontoret på Fjalerhuset. Ver god og berekne 2 dagers produksjonstid på korta, likeeins ved påfylling av treningstid. (då kjøper du tid på nett og kortet blir automatisk oppdatert neste gong du kjem på treningssenteret).

Vi vil foreslå TRENINGSKORT som årets julegåve

God jul

Helsing frå innsamlingsgjengen
Elisabeth, Marit, Linda, Rolf og Vidar

Nytt treningssenter i Fjaler

Vinn månadskort på open dag!
Laurdag opnar ordførar Arve Helle treningssenteret på Dingemoen idrettspark i Dale, og du kan prøve dei nye fasilitetane same dag.
Les meir…

FOLKE-AKSJON: Innsamling til treningssenter i Fjaler

Til hausten vil det nye treningssenteret i Fjalerhallen vere klart for alle treningsglade i Fjaler!
Dale IL er ansvarlege for å finansiere innkjøp av utstyr til treningssenteret. Derfor er det no satt i gang ein “Folke-aksjon” for å samle inn pengegåver til å kjøpe treningsutstyr for. Vi oppmodar alle som er positive til at ting skjer i Fjaler om å støtte innsamlingsaksjonen!

Les meir om treningssenteret og aksjonen på heimesida til Dale IL!

Spinning i Fjalerhallen 2012

Det er januar, nytt år og nye treningsmoglegheiter.

Dale IL Sykkel inviterer til spinning i Fjalerhallen 3 gongar i veka. Spinning er sykkeltrening etter musikk leia av instruktørar og ein super måte å komme i betre form på uansett alder. Treningsforma er lite belastande for kroppen, passar alle og du bestemmer sjølv intensiteten din utfrå di formkurve. Instruktøren rettleiar deg til trygg og sikker trening.
Treningstider:
Måndag kl 6.30 – 7.30 Passar alle
Tysdag kl 17.30 – 18.30 Passar alle
Torsdag kl 18.00 – 19.00 Passar for deg som er i litt i form

Ynskjer du å trene utanom desse tidene kan du ta kontakt med Linda Hovland tlf 99 01 78 52 for informasjon